Økologisk gardbrukar Hellek Berge: Jordvenleg jordbruk

Når:
24/02/2020@11:00-12:00
2020-02-24T11:00:00+01:00
2020-02-24T12:00:00+01:00
Hvor:
Gullbring kulturanlegg, Bø
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark
Pris:
100 (medlemmer)
(NB: I forkant av foredraget vert det halde årsmøte i Midt-Telemark seniorlæring.)
Hellek Mathias Berge – naturbevisst bonde

Prosjektet «Jordkarbon – utvikling og formidling av karbonbindande landbrukspraksis i Norge» er eit pilotprosjekt. Målet er å skaffe kunnskap om og erfaring med karbonbindande dyrkingsmetoder tilpassa norsk klima og ulike driftsformer.

Foredragshaldar Hellek Berge testar no ut metodar frå slikt regenerativt jordbruk, og har skrive ein rapport om sine erfaringar. Regenerativt jordbruk bind karbon til jorda. Strategien er meir fotosyntese og mindre jordarbeiding, noko som med mindre bruk av innsatsmidlar og mindre arbeid kan gi større avlingar i jordbruket på lengre sikt. Høyrest forlokkande ut! Noko for kjøkenhagen au?

Om foredragshaldaren:

Hellek Berge driv garden Berge på Sætersbø i Nesherad. Han har utdanning frå mellom anna Høgskulen i Telemark.

Etter å ha drive med tradisjonelt landbruk 20 år og økologisk landbruk i 10 år, er han no ein av seks bønder som deltek i forskingsprosjektet «Jordkarbon» i regi av Norsk landbruksrådgiving Østafjells. Dette er eit prosjekt som denne framoverlente gardbrukaren har stor tru på.

Etter foredraget er det lunsj med kaffe / te og velsmakande rundstykke i kafé Olsen i foajeen (inkludert i inngangsprisen).