Rettleiing om lokale klima- og miljøtiltak

Når:
27/01/2020@11:00
2020-01-27T11:00:00+01:00
2020-01-27T11:15:00+01:00
Hvor:
Gullbring Kulturanlegg
Gullbringvegen 34
3800 Bø i Telemark

Foredraget vil ta opp korleis ein i betydeleg grad kan redusere straumforbruket sitt ved å ta i bruk kjend teknologi – varmepumper og solcelleanlegg – i eksisterande bygningar. Fleire av medlemmene i miljøgruppa har sjølv gjort dette, først og fremst med fokus på klimatiltak, men også for å gjere husa sine meir miljøvenlege. Dei har teke i bruk varmepumper og solcellepanel. Solcellepanela produserer straum til eige bruk, og straum til sal til energiverket (MTE). Dette har òg redusert behovet for oppvarming, og gitt moglegheiter for lading av el-bil.

Initiativet til dette pilotprosjektet, som truleg er eineståande nasjonalt, er teke av Klimagruppa, og dei har òg utført utredningsarbeidet. Det lokale energiverket (MTE) og leverandørane Bø Installasjon as og Elektropluss Telemark as har samarbeida. Bankane og kommunane er også positive.

Om foredragshaldarane:

«Klimatrekløveret»: Arne Myhre, Pål Toreid og Peder Rekkedal

Dette er karar med lang røynsle og stor kompetanse på mange felt: Utredningsarbeid, økonomi, ingeniørfag, medisin, klima- og miljøspørsmål og undervisning – og mykje meir.

Vi lovar eit engasjert og engasjerande foredrag, som i tillegg kan få betydning for din eigen økonomi.

Etter foredraget er det lunsj med kaffe / te og velsmakande rundstykke i kafé Olsen i foajeen (inkludert i inngangsprisen).