Tysdag 14. mai 2024 – referat frå kulturhistorisk rusletur ved Norsjø med fuglekikking – Kjell Bitustøyl var med som kjentmann og forteljar, og Margit Sudbø hadde ansvar for turen.
Turen gjekk i Årnesbukta naturreservat, og 14 turgåarar, deriblant fleire frå Gvarv turlag, rusla frå Årnes kafeteria til Årnes brygge. På vegen stoppa vi fleire gonger for å høyre og sjå etter fuglar.
Årnesbukta er eit viktig våtmarksområde, både i Midt-Telemark og i Telemark. Bukta er grunn og næringsrik med sumpvegetasjon. Den er viktig som både kvile-, raste- og beiteplass for trekkfuglar, men sjølvsagt også viktig for stamfuglane her. Alt i 1975 vart det registrert 146 ulike artar i området, og 1981 var rapporten «Årnesbukta» klar. Den var skrive av Morten Rask Arnesen og gjeve ut av Norsk ornitologisk forening sitt lokallag i Bø. I 1990 blei Årnesbukta verneområde, og med det blei dyr og vegetasjon på land og i vatn freda. Og i 2024 har talet på registrert fugleartar auka til 195!
På vår vandring lærte vi at det strålande vårvêret rett nok er perfekt for menneske på tur, men for fuglekikkarar er lågt skydekke og duskregn betre. Utfordrande er det også med biltrafikk og traktordur, så vi burde helst vore ute tidleg på morgonen (og aleine). Men trass dette, vi fekk både høyre og sjå mange av artane som held til i Årnesbukta, m.a. knoppsvane, toppand, laksand, hegre, sivspurv og lauvsangar. Vi var også innom fugletårnet med informasjonstavler. Der er vipe ein av artane som står oppført, men det er ein art i sterk tilbakegang – i Bø er det nå berre eitt eller to par att. Nå er det tiltak på gang for å auke bestanden, m.a. i Skien ved Børsesjø, og det er ynskje om å få til noko liknande i vårt område.
Bitustøyl fortalde at fuglar syng av to grunnar: for å dra damer, eller for å hevde territorium. Og fyrst nå har forskarar funne ut at også hofuglar syng for å markerer revir – det måtte kvinnelege forskarar i Australia til for å oppdage dette! Vi veit at fuglar har «dialekt», men dei har også «framandspråk», t.d. gjeld det myrsangaren. Den syng om natta og er ein stor imitator, så om du høyrer lerka i mørke natta, kan du altså høyre både rett og gale. Myrsangaren er trekkfugl, så han tek med seg innslag av fuglesong frå Afrika og hit – og motsett, så da snakkar vi kulturutveksling. I samband med dette nemnde Bitustøyl også boka «Nattsang» av Vidar Sundstøl, der er myrsangaren ein av artane far og son studerer.
Praktisk: Kjekt utstyr for fuglekikking er kikkert av ulike slag, samt bøker/appar for identifisering, t.d. finst Gyldendals store fugleguide som app med m.a. bilete og fuglelydar/sangar. Start i det små og lær deg utsåjnad og song til nokre få av dei vanlegaste artane i området du er i. Og noko kvittring er enklare å kjenne att enn anna, t.d seier bokfinken «Fru-fru-fru-fru-BORCHgrevink», medan gulspurven tel «»En-to-tre-fire-fem-seks-syyyyyyyv». Eit siste tips: ver tålmodig!
Vi hadde matrast på Årnes brygge, og ein tøffing tok seg også ein dukkert – visstnok «ikkje så verst temperatur».
Britt Haugland/ref.