Bjørg Viks vei v/Lars Vik

Referat frå medlemsmøte i Seniorlæring i Midt-Telemark 29.08.22

Hausten starta med Lars Vik sin prisbelønte biografi om mora Bjørg Vik (1935-2018) forfattar, feminist og på mange måter ein pioner. Boka kom ut i 2021.

Halvor Langåsdalen ønska velkomen og orientera om haustens program, før han introdusera Lars Vik «Fritjof Fomlesen» in persona som han sjølv sa. Lars har skrive mykje for ungar, og var med å starte Grenland Friteater i 1976, der han enno arbeider som skuespiller, pedagog og dramatiker.

Då Cappelen Damm spurde om han ville skrive biografien om mor, såg han på det som ei skremmande oppgave og stor. Refleksjon over levd liv – den måtte vere sannferdig og modig. Bjørg var det.

Han starta med å lese alt ho hadde skrive frå A til Å. Mykje detektivarbeid om slekta. Bjørg-Turid Johansen vart fødd i Collettsgate ved St. Hanshaugen i Oslo. Foreldra leigde der og bodde der heile livet. Broren Ivar var 2,5 år eldre enn Bjørg. Far var kelner på restaurant Schrøder og halt etter jaktulukke. Mor hadde vikariat som billettør på kommunale kinoer. Ho var sers utadvendt i motsetnad til dattera. Dei hadde eit anstrengt forhold. Å få anerkjennelse frå mor var gjennom lydigheit og snillheit. Jenter måtte ikkje stikke seg fram. Gutar blei akseptera på eigne premisser.

Bjørg hadde eit stort arkiv fra ho debuterte. Hennar personlege arkiv var og omfattande. Alt vart teke vare på og dagbøker frå 50-talet. «Når kjærligheten våkner» var truleg hennar første roman. I 1 1952-53 får ho små epistlar i aviser og vekeblad.

Då Lars børja å lese mor sine dagbøker, er det som ho heimsøker han, ikkje i draume om natta eller som ein defus ånd, men meir handfast som så, og de har sine dialoger gjennom heile boka. Lars sitt forsøk på å skrive førde til nedslåande meldingar frå redaktøren, men noko positivt vart peika på.

Bjørg var sers glad i å skrive og skreiv og stilar for klassevener for pengar. Far til ei venninne hadde ei skrivemaskin, som ho skreiv små historier på og fekk antatt nokre. For ein ungdom er det viktig å treffe menneske som inspirerar og byggjer sjølvtilliten din. Bjørg hadde to lærare som betydde mykje. Engelsklærerinna Else Lionæs som la Cora Sandel si bok «En blå sofa» på pulten hennar. Den vart for all tid viktig for hennar vidare forfatterskap. Novellene «Søndag ettermiddag» er inspirert av Cora. Romanen om Elsi Lund er nært Bjørg sitt eige liv. «Lektor Sandøy» i den boka er hennar norsklærar Rattsø, som ho holdt kontakt med til han gjekk bort.

Ho gjekk på husmorskole, noko ho sammenlikna med eit fengsel. Feminist blei ho etter ein sundagmiddag, kor bror gjekk ut og spela fotball, mens ho måtte vaske opp. Kvifor skjøna ho ikkje.

I 1955/56 gjekk ho på det privateigde Journalistakademiet, leia av pressemannen Carl Just, saman med Jarle Høysæter, Herbjørn Sørebø og Odd Selmer. Ho ville flytte for seg sjølv, men økonomien var for dårleg, og ho måtte bo heime i den grågrøne leigegården. Dagbøkene hennar var fylt opp med kjæraster og forelskingar. Ho skreiv ned alt.

19 år gamal fekk ho eit nervøst samanbrot og vart innlagd på 6.avd. på Ullevål sjukehus. Fekk eigen hybel etter opphaldet. Som ho sa: Jeg måtte bli gal før jeg fikk flytte hjemmefra.

«Hybel med egen inngang» var første novelle ho fekk inn i Magasinet for Alle i 1956.

Den nyutdanna journalisten søkte ledige stillingar og fekk to napp, i Nordlys og Porsgrunn Dagblad. PD svara først og tilbaud ho jobb. Siste dagboknotatet er frå 16.06.56. Pausen vara i 19 år.

Bjørg og Hans Jørgen Vik møtte kvarandre på Park, Porsgrunn sin mest populære danserestaurant. Han utdanna arkitekt frå Tyskland. Kjærleik frå første møte. Vidare gjekk dei saman, sjølv om livet til tider var tubulent. 3 born kom til etterkvart. Dei kjøpte tomt i Furustadveien og bygde hus. Arkitekten lika tegl, og teikna huset sjølv. Det vart eit omfattande prosjekt.

Novellesamlinga «Søndag ettermiddag» utgjeve i 1963 på Cappelen. No satsa ho på forfatterskapen. Fekk eige skriverom utafor heimen. Bjørg sykla på jobb kvar dag. I 1966 fekk ho utgitt «Nødrop fra en myk sofa» inspirert av Cora Sandel. Eit eksemplar blei send til Sverige og svaret frå Cora gleda ho særs.

Starta den første feministiske bevissgjøringsgruppa i Porsgrunn i 1972. I første utgave av Sirene hausten -73 er ho i redaksjonen.

Overarbeida og psykotisk blir ho igjen sjuk.

Bjørg Vik blir etter kvart ei av dei bestseljande forfattare i Norge pga. Bokklubben. Bøkene om Elsi Lund vart skrive etter mora sin død. Feministen Bjørg fekk kjenne på kva det var å stikke seg fram i ein liten by.

Mannen Hans Jørgen dødei 1995, og Bjørg blei enke i ein alder av 60 år.

07.01.18 dør Bjørg Vik, og Furustadveien hvor hun og familien bodde fekk namnet Bjørg Viks vei.

Lars Vik teikna ei varm skildring av mor, eit ærleg og nært portrett av forfatteren, samfunnsaktøren og privatmennesket.

Ei rørande og fin stund for oss som var tilstades i Gullbring. Herdis (ref.)