v/ Per Edgar Kokkvold
Referat frå medlemsmøte i Seniorlæring i Midt-Telemark 28.11.22
Midt-Telemark Seniorlæring har nok ein gong henta inn ein som har prega norsk presse over lang tid. Per Edgar Kokkvoll har hatt ei rekke frontposisjonar i norsk presse, som journalist og redaktør. Utanriksjournalist/-redaktør i Arbeiderbladet/Dagsavisen, generalsekretær i Norsk Presseforbund, leiar av Pressens Faglige Utvalg og leiar av Kringkastingsrådet. I 2013 fekk han Fritt Ords honnør for sitt prinsippfaste forsvar av ytringsfridomen, også under mangeårige drapstruslar, som han fekk etter at han støtta trykking av dei såkalla Muhammedkarikaturane. I 2015 fekk han Gunnar Sønstebys minnepris.
Han er 76 år, 4 år yngre enn president Joe Biden, men mindre dement enn han! Han er like gamal som Donald Trump, men vesentleg klokare enn han! Men eldre har han blitt og sjølvironisk ser han ei framtid der ein ikkje lenger søv saman med tennene sine, ser på menyen før ein ser på serveringsdama, gløymer å trekkje opp glidelåsen i smekken og til slutt gløymer å trekkje den ned! Han slår likevel fast at framtida, den kjem av seg sjølv!
Han definerer seg sjølv som ein verdikonservativ sosialdemokrat med anarkistiske trekk!
Kokkvold viste til at i 1860 valde det amerikanske folket Abraham Lincoln til sin 16. president. Lincoln var fødd i ei tømmerkoie i Kentucky, og leia landet gjennom borgarkrigen. Han tok vare på unionen og avskaffa slaveriet! Drepen ved attentat i 1865. Han leia det republikanske partiet, og hans tale ved Gettysburg (The Gettysburg Address) vert rekna som ei perle i amerikansk politisk historie og litteratur! 156 år seinare valde det amerikanske folket ein infantil, stormannsgalen narsissist, Donald Trump, til president!
I Russland har Georg Orwell sin roman 1984 på mange måtar blitt til ei uhyggeleg verkelegheit! Tydelegare no enn i Stalin-tida. President Putin omskriv historia etter eige behov, og kallar ein angrepskrig for «militær spesialoperasjon». Ytringsfridom finst i praksis ikkje, han raserer sivile mål når han ikkje vinn fram på den militære slagmarka, og soldatane hans driv omfattande tortur. I sin propaganda påstår han til og med at USA har bygd fabrikkar i Ukraina som produserer kjemiske våpen som berre drep etniske russarar!
Putins propagandaminister «forklarar» Russland sitt overfall på Ukraina med: «Vi kurerer det alvorleg sjuke Ukrainske folk!»! Han fylgjer opp Lenin sitt utsegn om at «sannheita er ein borgarleg fordom!»
Putin trugar med atomkrig. Men ein atomkrig, vilja eller starte ved eit uhell, blir ei katastrofe for alle partar uansett! Dersom det vert sett i gang ein atomkrig vil det ikkje etterpå vera att nokon som kan fortelje at ein tok feil!
Det vert arbeidd med å få til ei våpenkvile, men det er umogeleg å sjå ei slik for seg, utan at båe partar må tape noko. Det stiller krav til dei involverte. Cuba-krisa viste at det ikkje berre er snakk om politikk, men også om personar!
Men Putin har ein nær slektning, om ikkje eit «syskjenbån på Gjøvik», i Trump, som sjølv vil definere det som er sant. Alt han ikkje likar, definerer han som løgn, «fake news»! Han fann ikkje opp omgrepet «fake news», men tok det til ukjente dimensjonar!
Kokkvoll formana: «Vi må stoppe opp og tenkje, ikkje la oss drive med straumen. Det kan sjølv ein tresko klare!»
Det ser ikkje lyst ut for USA framover. Sittande president viser teikn på begynnande demens, visepresidenten er den minst populære som har vore og Trump kan framleis vinne neste presidentval! Det kan skje, sjølv om ein amerikansk bokforfattar konkluderer: «Donald er gal! Han representerer ein klar trussel mot rettsstaten!» Tilhengarane har likskap med Hitler sine stormtroppar! Som tungvektsboksaren Muhammed Ali sa det: «Det er vanskeleg å være audmjuk når en er så stor som meg!»
Så til slutt eit par kommentarar frå den kloke pressemann.
Om pressa, den 4. statsmakt: Dersom tilliten til presse og medier vert mindre enn tilliten til politikarane, har vi eit problem!
Om Ukraina: Det er lov å elske sitt land! Det er forskjell på patriotisme og nasjonalisme!
Ei rik stund i eit fullsett Gullbring denne dagen!
Halvor Langåsdalen (ref.)