Fløterstien i Lunde

Referat frå kulturhistorisk rusletur 11.10.2022.

14 turglade deltakarar kom i bilar frå Frivilligsentralen i Bø og frå Krysset i Lunde, til Tyridammen på Tyri i Lunde. På Tyri venta Vemund Lindgren, vår kjentmann for Fløterstien.

Lindgren fortel at opparbeidinga av dagens fløtersti var eit folkehelsetiltak. Fløterstien går langs Skoeelva frå nordenden av Tyrivannet og fram til Myrahølen ved Hantovegen.

Lindgren fortel at frå gammal tid gjekk mykje tømmerfløyting i Landsmarka nordover gjennom Skoeelva. Tømmeret kom frå Tyrivann, Langen, Sannavann og Børten mot Kilebygda i Skien. Tømmer kom også vestifrå, frå Henneseid og Drangedal. Sidan Skoeelva renn nordover, fløytte dei tømmeret ut Skoeelva til Skoelensa. På Skoelensa blei tømmeret sortert og fløytt vidare ut vassvegen til Norsjø, Skotfoss og Skien med større sagbruk og utskiping til hamner i Europa. Tømmeret følgde på denne måten naturen og Cappelens vassvegar.

Men noko av tømmeret gjekk også til det lokale sagbruket på Tyri som var i drift til 1937. Her var også bygdemølle for å male korn fram til 1955. Tyri – eller Lille Ulefoss – som dei også kalla den vesle industristaden med Tyri-verka. Tyri hadde butikk, eigen skule og bedehus – det var ein aktiv industristad, med eigen jernbanestasjon som feirar 100 år i 2025. 

Lindgren hadde meir lokal historie å fortelje om Tyri-samfunnet. I 1711 var her til dømes teglverk i full drift. Tyri teglverk hadde eigen brenneomn og pottemakeri med einerett i utstrekning på tre mil i omkrins innan Bratsberg Amt. Produksjonen var 30 000 takstein og 80 000 teglstein det året. Leira henta dei frå Tyri når vatnet var nedtappa på vinterstid. På Tyri blei alle menn i våpenfør alder sendt i krigen da Napoleon herja i Europa. Gamle og kjerringar sat att med store ungeflokkar på småplassane på Tyri. Svolten stakk i småkårsfolket på Tyri mens gjelda til dei rike kjøpmennene i Skien auka. I tida etter 2. verdskrigen blei det også slutt med teglverksdrifta på Tyriverket. I 1937 var det blitt det slutt på sagbruket og i 1955 slutta også drifta av kornmølla på Tyri.

Tyri har sin eigen diktar frå plassen Haugland ved Hauglandstjønna like opp for Tyri. Alf Haugland er kjent for god lokal språkbruk med landsmarkamål og normalnynorsk. Jfr diktet: Ikkje nokon farbror ved Dammen meir… Og vi tar med eitt av dei beste dikta hans som syner samfunnsutviklinga på ein god måte. Diktet Bastard er slik: “– Møe fauel i skauen, / sa mor mi / som kom fra Holla / Mykkji fuggel i skogen i dag, / sa far min som kom ifra Lunde/ – Underbeskattede viltressurser, / sa jeg / som kom fra gymnaset i Bø.”

Frå Tyri kjørte vi til Haslerud. Der er nå eit heilt nytt bustadfelt med 17 nye bustadtomter som nå er salsklare. Tidlegare låg det husmannsplassar her under storgarden Dorholt. Stein Dorholt var her eigaren i tida før Cappelen etter kvart kjøpte Dorholt-eigune. Lindgren fortalde at ved stien nedover lia her låg plassen Brukåsa. På Brukåsa budde Ole Halvorsen og kona Taran. Han døydde som registrert fattiglem i 1879. Her var ikkje feitt å leva. Folketeljinga frå 1865 registrerer plassen Brukåsa med 1 ku, 7 sauer, litt havre og litt bygg å greie seg med. I folketeljinga i 1875 endå mindre. Truleg er det denne Taran som har gitt namn til furusletta langs Skoeelva, Taranflata. Plasskona Taran døydde som fattiglem på soknets kostnad. Vi følgjer livet til sonen Ole, fødd 1858. Ole fekk gå i skulen i eitt år, frå 1866/67. Etter folketeljinga i 1875 finn vi han som tenestegut på England i Landsmarka. Ole gjekk truleg på Bjerva-skulen. Krinsgrensa mellom Bjerva og Tyri gjekk i Brurlia.

I bratte Brurberget var det tidlegare gangsti over ei hengebru som var hengt opp i to tjukke vaierar.

Ved Leirfallhølen – på folkemunne Leifarhølen – er det mykje liv sommarstid. I dag er dette ein badeplass til glede for både barn og vaksne. Steinmuren i dammen/hølen er sett opp av Cappelen for å hindre gjedda i å gå vidare opp i Skoeelva. I brattfjellet ved Svenskerud går Sørlandsbanen i tunnel og rett opp ligg Lundes boligfelt i Vassås. Langs Sørlandsbanen er det heile 7 tunnelar på jernbanelina gjennom Landsmarka og over grensa til Drangedal.

Nedover mot Hantovegen er det fint opparbeidd og grusa sti langs elva. Vi passerer Åsebrua og brua ved Haugane med gapahuken, Bjønnehuken. På denne lune plassen er det klargjort bålplass der Skoeelva renn forbi i stryk og stille. Lenger nede finn vi Myrahølen. Dette er ein meandersving i elva som ligg til eigedomane til Erling Skoe og Kristian Hanto. Cappelen demte denne meanderen for å rette ut Skoeelva for å få tømmeret ut i elva kalla Straumen her i Lunde. Den heiter Songa i øvre bygder og t.d. Eidselva på Ulefoss. Frå Skoelensa i Straumen gjekk tømmeret til Skien. Og frå Skien gjekk trevirket ut i den store vide verda.

(Ref. Borghild H Hanto)