Frå Hanto til Haugland

Tur i Lunde 9.april 2024

Referat ved Borghild Hardang Hanto 

Barmarksesongens fyrste kulturhistoriske rusletur gjekk frå Hanto til Haugland i Lunde med Kristian Hanto som kjentmann og forteljar. Kristan vaks opp på Hanto austre, der tunet i dag ligg nedanfor opphavleg huseplass. Her ligg Hantogrenda søraustover mot  Sagamoen og lenger ute ligg Haugland. Kristian tok over Hanto austre etter foreldra Brynhild Ihle og Sveinung Hanto. Sveinung-namnet kom med Gamle-Sveinung Myhre Hanto frå Nordbygda som kjøpte garden i 1895 etter at den tidlegare eigaren hadde flytta heile gardstunet med innhus, uthus og stolpebua med loft frå slutten av 1700-talet ned i bakken der Hanto nå ligg. Her var nok  vatn til folk og fe. Og brukaren tok seg vatn over hovudet og måtte selje.

Med utgangspunkt hos Jon Asle Brukåsa på Hanto Vestre fekk vel 30 interesserte turdeltakarar orientering om fire ulike brukstypar eller landbruksøkonomiar langs ei strekke på eit par kilometer søraustover frå Apalås. Hantogrenda ligg mellom Flåbygd og Landsmarka, delvis på ei hylle oppunder Hantofjellet, delvis i ei helling ned mot Skoeelva, med flott utsyn over midtbygda og Ajersida. Me fekk lokal kunnskap om dei fire brukstypane: 1) det mellomstore sjølveigande gardsbruket, 2) tilhøyrande husmannsplassar, 3) sjølveigande bureisingsbruk etter «Ny jord»- aksjonen frå fyrste halvdel av 1900-talet, og 4) leiglendingsbruket under Cappelen i Landsmarka. 

Fyrst var det Hantogrenda, med sin versjon av bruksoppdeling på det folkerike 1800-talet. I nyare tid var det éin Hanto-gard til midt på 1800-talet. Då blei det delt mellom gamle Kristen Kristensson og sonen Kristen Kristensson – dei kom knappast på andre namn i den slekta. Me fekk med den delinga to Hanto-gardar tun i tun der under Apalås, den gongen kalla austre og vestre Hanto. Så var det fleire delingar og samanslåingar fram til i dag.

Arkeologiske utgravingar på 2000-talet syner mange kokegroper tilbake til eldre og yngre jernalder på jordet søraust for vegen opp bakken. Her har altså vore rikt nok dyre- og fugleliv til at jegerar og sankarar gadd å stelle mat for seg oppe i bakkane her, langt tilbake i tid. 

Ingen hadde funne heilt ut av opphavet til gardsnamnet Hanto. Men etter ulike registrerte skrivemåtar sidan 1388 heldt kjentmannen vår ein knapp på hana-to, altså opphavleg ei lita slette eller to som i gardsnamna Tho og Thon. I slike glenner i skogen var det fint å jakte hana, dvs. skogsfugl. Jf. også andre kjende gardsnamn som Vibeto, Hauketo osb. 

I dag ligg her tre gardar med jord og skog, og nokre buplassar i tillegg.

Av dei gamle husmannsplassane mot søraust finn me i dag berre éitt eksisterande tun av dei gamle stadene. Det er Bekkhus-Hanto, som i dag er arbeidd opp til å bli det største gardsbruket i grenda, rekna i innmark og drift. Plassen Gladkoll lenger nede mot elva er innlemma i Bekkhus.

Litt lenger søraust var fem bureisingsbruk blitt oreigna or «Cappelens skoger» på Sagamoen i dei harde 1930-åra. Avsett areal blei lodda ut til 10 interesserte og kompetente søkjarar. Éin arealdel blei førehandstildelt ein småbrukar i grenda nærast Sagamoen, og dei fire andre delane fekk etter kvart også sine brukarar, tre frå Nordbygda i Lunde og éin frå Drangedal. Avsett areal var skogkledd furumo, morenejord og myr. Og innhus og uthus skulle reisast så folk kunne bu. Men mager jord og botnlause oppkomer av stein blei det på dei fire slitarane utetter på 1940- og 50-talet, skulle det vise seg. Ein av bureisarsønene sa sitt om morenejorda på Sagamoen: ― Va’re’ tørt, va’re hardt som hønn, o’ va’re’ vått, va’re’ bløtt som fløte. 

Framkomne til det tidlegare leiglendingsbruket Haugland utmed industriområdet til metallindustriverksemda Bandak, fekk me høyre både om industrihistorie og det særeigne leiglendingssystemet som heldt seg svært lenge her i Cappelen-marka. Det var også her på Haugland at diktaren Alf Haugland var fødd og oppvaksen i ei lita raudmåla leiglendingsstugu, der 

– det var mest berre under 

juletreet 

det var god 

plass. 

Haugland var fødd i 1924, og har såleis 100-årsjubileum i år. Borghild las nokre av dikta hans, og dei har både underfundig og mindre underfundig brodd mot forskjellssamfunnet. Eitt av dei er meir generelt underfundig ― det kjende Bastard

― Møe fauel i skauen,

sa mor mi

som kom ifra Holla

― Mykkjy fuggel i skogen,

sa far min

som kom ifra Lunde

― underbeskattede viltressurser,

sa eg

som kom frå gymnaset i Bø.

Nista blei eten ved Reidarsbu ved starten av lysløypa, kalla opp etter bureisarsonen og snikkaren Reidar Strand. Og regnsdropane kom ikkje før alle skulle heim.