Referat frå medlemsmøte. 29.04.19
Generalsekretær Guro Slettemark:

Guro Slettemark er cand. jur frå Universitetet i Oslo med spesialutdanning frå Universitetet i Aix-Marseilles i Frankrike. Ho har arbeidd i Datatilsynet i mange år, og var politisk rådgjevar for justisminister Odd Einar Dørum i Bondevik I-regjeringa i 1999. Frå 2009 har ho vore generalsekretær i Transparency International Norge. Ho er oppnemnt som medlem i Etikkrådet, Statens Pensjonsfond Utland («Oljefondet»), og frå 2016 har ho vore medlem av Oslo Universitet sitt styre. Ho har slekt i Drangedal og mannen har slekt på Ulefoss, og ho gjeng i Telemarksbunad på 17. mai! Så da skulle alle tenkjelege og utenkjelege kvalifikasjonar vera i orden!Ho tok oss med gjennom presentasjonen «Transparency International og arbeidet mot korrupsjon».
Det store bildet i verden i dag er at det er ei rekkje aktive demonstrasjonar, folkeaksjonar og «lekkasjar» mot korrupsjon i det offentlege liv. Døme er «Panama Papers», «Paradise Papers», «Wikileaks», og mange fleire.
TI definerer korrupsjon som misbruk av makt i betrudde stillingar for privat gevinst.
Korrupsjon er ikkje berre ergeleg og urettferdig, men korrupsjon tek òg liv, som i Bangladesh i 2013, da ein åtte etasjars tekstilfabrikk rasa saman. 1 138 menneskje vart drepne og 2 500 vart skadde. Det viste seg at kontrollørane var betalt for å oversjå svikt i sikringsrutinar!
Eit anna eksempel er motorvegbru-kollapsen i Genova i 2018, der det viste seg at entreprenørane hadde samarbeida med mafiaen i mange år. For å auke fortenesta hadde dei nytta mykje sand og lite sement i betongen!
Transparency International (TI) vart etablera i 1993, med hovudkontor i Berlin. Etter kvart har det vekse fram avdelingar i over 100 land. Avdelinga i Norge vart etablera i 1999. TI er ein ideell, politisk uavhengig non-profit organisasjon som vert driven på basis av medlemskap. Både private, firma og organisasjonar kan bli medlemmar. TI spreier kunnskap om skadeverknadane av korrupsjon, og samarbeider med myndighetar, næringsliv og sivilsamfunn om å utvikle og sette i verk effektive tiltak for å kjempe mot korrupsjon.
TI sin visjon er ein verden der myndighetar, næringsliv, sivilsamfunn og den enkelte sitt liv er fritt for korrupsjon.
Kvart år gjev TI ut sin «Corruption perceptions index». Den seier noko om i kor stor grad korrupsjon blir opplevd i det daglege. Danmark kjem best ut! Finland kjem på 3. plass og Sverige på 5. plass, medan Norge, som før var blant dei 6 beste, no har falle lenger ned. Ille er det i Nord-Korea, Jemen, Sør-Sudan, Syria, og verst er det i Somalia.
Korrupsjon undergrev reieleg konkurranse, aukar kostnadane og påfører verksemder økonomisk tap og tap av omdøme. Korrupsjon trugar rettstryggleiken, demokratiet og menneskerettane. Den undergrev godt styresett og sosial rettferd, verkar konkurransevridande og hindrar økonomisk utvikling, og den set stabiliteten i demokratiske institusjonar og samfunnets moralske fundament i fare!
Storstilt korrupsjon (grådighetskorrupsjon) er ein årsak til fattigdom, og simpel korrupsjon (behovskorrupsjon) er ei følge av fattigdom!
Den norske straffelova (§ 387) seier at ein vert straffa med bot eller fengsel i inntil 3 år dersom ein for seg sjølv eller andre har kravd, motteke eller akseptert tilbod om ein «utilbørleg fordel» i høve utøvinga av verv eller utføring av oppdrag. Det sama gjeld om ein tilbyr ein slik «utilbørleg fordel». Tilsvarande kan ein og etter § 389 bli straffa, ikkje berre for den direkte utøvinga, men for å ha påverke utøvinga av ein annan si stilling. For grov korrupsjon, som er nærare definert i § 387, er straffa inntil 10 år i fengsel. Lovparagrafane finst altså, men så er det å få tak i skurkane!
Mest utsett er, ikkje uventa, utvinningsverksemder (olje, malm etc.). Dernest kjem bygg og anlegg, transport og kommunikasjon.
Det er snakk om store beløp! Bestikkelsane til presidentdottera i Usbekistan frå Vimpelkom (Telenor), svenske Telia/Sonera og russiske MTS var omlag 7,3 milliardar norske kroner, og tilsvara 7 % av Usbekistans totale statsbudsjett og 20 % av utdaningsbudsjettet!
TI har gjeve ut eit hefte med oversikt over ei rekke korrupsjonsdomar i Norge i åra 2003 -2018. I alt 55 rettskraftige domar. Den kan lastas ned på internett frå www.transparency.no eller www.lovdata.no .
I Vest-Telemark Blad skreiv dei om mistanke om omfattande byggekorrupsjon i samband med hytteutbygging. Tenkjer me oss vel om, vil me truleg ha «små-svin» på skogen nokon kvar av oss, utan at det utgjer noko samfunnsproblem.
Eit viktig område for arbeid mot korrupsjon er vår bistand til land ute i verda. Landa der det er krig og konflikt er dei mest utsette for korrupsjon, og samstundes dei mest aktuelle for bistand!
Det førebyggande arbeid er viktigast! TI har utvikla handbøkar i førebyggande arbeid for humanitære organisasjonar og humanitære operasjonar, for forretningslivet og for kommunal verksemd.
Viktigast er likevel: Transparency! Openheit!
Referent: Halvor Langåsdalen