Kulturhistorisk rusletur med Seniorlæring i Midt-Telemark

Gamlegata på Gvarv, 14. november 2023.

Tretti pratsame og livlege turdeltakarar med stort aldersspenn møttest i nedre enden av Gamlegata. Her ønskte turleiar Margit Sudbø velkomen til kulturhistorisk rusling på denne litt sure dagen midt i november. Denne gongen var Aslak Gunnheim vår kjentmann og forteljar i den innhaldsrike og interessante Gamlegata på Gvarv. Aslak mottok turgruppas tradisjonelle eplemost frå Epleblomsten frå Sauar gard med stor glede. Vi går for lokalprodusert mat, og er her midt i det beste fruktdistriktet i Telemark. Det er slikt godt klima for fruktdyrking i bygdelaga med Nes og Saude langs Nordsjø. Og slikt utsyn til Lifjell som skjermer for ver og vinddrag i nord. Sauherad produserer nå meir enn ¼ av norske eple for sal!

Stadnamnet Gvarv kjem av ordet kvarv eller sving som er kverven/svingen i Bøelva som renn gjennom bygda her. I dialekta i Midt-Telemark kan uttalen av framlyden kv (gammalnorsk hv) bli til gv – og Gvarv blei namnet på tettstaden.

Etter introduksjonen rusla den store flokken i veg midt i den smale, gamle gata. “Me syns så godt her me gjeng, så det går nok bra å gå midt i gata her,” meinte Aslak, og heldt fram: “Etter at den nye gjennomfartsvegen kom framom husa på den andre sida av bebyggelsen, er det mest trafikk der. Med denne omlegginga av storvegen så kjører det heller få bilar i Gamlegata i dag. Og det er me glade for, her er slik flott bebyggelse i tettstaden i Gvarv i Sauherad. Her var trivsel og aktivitet, og dette var store tomter med innhus, haga og uthus.” Aslak hadde mykje å fortelje, for det var jo slik at Gvarv var eit livleg knutepunkt for trafikken til øvre delar av fylket. Gvarv var utgangspunkt for roskifta for båtane over Nordsjø til Skien alt før trafikken med motorbåtar over Nordsjø starta i 1852. Og da kanalen opna i 1861, blei det dagleg rutebåt mellom Gvarv og Skien. I Gamlegata vaks det fram eit handelssenter med eit rikt næringsliv. Her var landhandel, bank, skreddar, smed, bakar, meieri, hotell, apotek, folkebibliotek, middelskule, post- lege- og sorenskrivarkontor. Og her var kornmagasin frå 1852 som var meint som beredskap eller vernebuing. På 1800-talet blei det bygd ei rekke kornmagasin rundt om i landet for å sikre såkorn på åkrane og matauk for folk i uår og dårlege tider.

Vi fekk høyre om og sjå alle dei forskjellige bygningane og bustadene som mange i flokken var veldig godt kjende med. Mange i gruppa var jo nesheringar og sauheringar som hadde vakse opp på Gvarv eller i bygdelaga rundt. Gamlegata representerer ulik stilling og stand. Her ligg husmannstugo på plassen Moen i vestenden av gata, og herskapshuset Sole og apoteket i jugendstil frå 1917.

Sole er i dag eit svært staseleg og velhalde kvitt bustadhus. Sole blei sett opp som forretningssgard i to høgder for kjøpmann Torgrim Bjørnson i 1884. Her har gjennom tidene vore postkontor, folkebibliotek og bankdrift. Aslak nemnde også at enkefru Hanna Andrea Nilsen, som blei Dronning Sonjas oldemor, budde i dette huset tidleg på 1900-talet. I 1984 blei heile eigedomen testamentert til Nes Mållag. Seinare er eigedomen selt vidare, og er restaurert til bustad slik vi ser det i dag.

Apoteket er altså eksempel på ein bygning med arkitektur i jugendstil, ein utbreidd byggestil mellom 1900 og 1910 her i landet. Stilen er prega av bua liner og dekor på fasaden, rundt dører og vindauge. Bygningane har gjerne store takflater, ofte med takutbygg og karnapp.  Apoteket heldt til her fram til sist på 1970-talet. Så var her elektrofirma og nå bustadhus.

Mjølkeutsalet er ein bygning oppført i empirestil. Etter rokokkoperioden breidde empirestilen seg utover i Europa tidleg på 1800-talet.   

Den høge og karakteristiske tømmerbygningen midt i Gamlegata er det før nemnde kornmagasinet, opprinneleg oppført på Skrivarmoen i Nes sokn i 1852, og som og har vore ein del av grunnfondet i Saude og Næs sparebank, etablert 1867. Seinare var kornmagasinet pakkbu for Næs Forbruksforening som dreiv forretningsverksemd i gata.

Næs Forbruksforening blei opna som handelshus alt i 1870, og fekk påbygd andre høgda i 1895 med panel og sveitserstil. I 1986 sette lokale kunstnarar i gang med ein oppussingsaksjon av det gamle sveitserhuset til bruk for kulturhus og utstillingslokale for lokale kunstnarar. Kunstnarhuset blei avvikla i 2013 og har nå nye eigarar. 

Ein av dei best bevarte bygningane i Gamlegata er Gjestheim. Dette trehuset er bygd i typisk sveitserstil med ståande panel med smale høvla bord med liten profil og med høge firedelte vindauge med krosspost. Slike vindauge gjev godt med lys inn i dei høge luftige romma i huset. Første etasje i dette huset var opprinneleg ei tømre som sto som tinghus på Nedre Holtan. I Gamlegata var dette huset meieri, seinare butikk og privat middelskule, så hotell til 1968 og deretter bustadhus som dei fleste husa i Gamlegata i dag. Ein periode frå 1926 var det også hotelldrift i Gvarv Hotell i samme gata.

På eigedomen Vonheim frå 1885 heldt gjerne distriktslegane til, ein del av embetsstanden i bygda. Her står også eit raudmåla stabbur med loft.

Enggravs systugu blei bygd om lag 1900, og i åra mellom 1914 og 1952 var det ei stor verksemd i området. Her var skreddarverksemd og manufaktur med opp mot 36 tilsette. Med systugur rundt om på andre stader i Gamlegata i tillegg, må denne verksemda ha vore bygdas største arbeidsplass i desse åra.

Johansens bakeri var i drift fram til 1960.  Huset her blei oppført i 1908 med stor tomt og uthus for næringsverksemd eller handel av ymse slag, slik vanleg var i Gamlegata. Den hundreårige bakartradisjonen lever framleis i nye hus Gamlegata på Gvarv.

Gvarv Privatbank heldt til i ei tømre frå Neset under Leikvang som blei flytta til Gamlegata i 1905.

Moenstugo, aust i Gamlegata, er det eldste bustadhuset på Gvarv. Huset er ei ombygd tømre som er flytta frå Håtveit til husmannsplassen Moen i Gamlegata i 1865. Her budde Hans Hansson Ibsen som sto modell for Erik Werenskiold i det kjente måleriet “En bondebegravelse”. Her er sanneleg mye levd liv, mykje lokal historie og påverknad frå heile vide verda å hente fram i ei slik gamal gate på Gvarv.

Referat og foto: Borghild Hardang Hanto