Vi var ein fin liten gjeng som møtte opp ved parkeringa ved studentheimen i Breisås. Inge Bø var kjentmann på denne turen. Inge vaks opp nede ved Oppheim, og kjenner utmarka til nabogardane Borgja og Staurheim godt. Han hadde mykje å fortelje om kulturminneområdet Håsårudhåtten med gravfeltet, kolmile, kolgroper, holvegar og Bordvegen som gjekk over garden Staurheim.
Vi starta omvisninga på parkeringsplassen der studentheimen i Breisås kom i 1974. Nærområda er garden Borgja med 2500 mål skog og Staurheim med 2000 mål. Flita låg under Borgja, og seinare fekk vi Flitavegen. Oppheim og nokre hus låg på hitsida av togstasjonen, så Dumpidal og stasjonsbustadene og Inges heim. Det gjekk hesteveg frå Borgjasaga opp til husmannsplassane Kåsine i 1950-åra, og til Åsen i 1960-åra. Her var kuer, høns, grisar og hest. I skogen gjekk kuer og sauer og beita. Tømmeret og veden blei kjørt ned med hest og slede. Her låg den gamle Steinsrud-plassen til 1890 og den nye Steinsrud til 1955.
Alt har endra seg. Tyttebær- og blåbærleita er borte. og om lag 2000 bur nå i Breisås-området. 60-80 menneske budde her på 1950-talet da Inge vaks opp. Ein stor brei og ny veg nesten heilt til Åstjønn blei bygd for tømmerbilar, og mange tusen mål skog blei hogge. Breisås blei forandra. Men noko består. På den gamle leikeplassen Kåsinejordet kan ein fortsatt sparke fotball og på klatreområdet har det blitt barnehage, Maurtua barnehage. Inge meinte at det beste er at delar av den gamle Bordvegen er rydda fram att. Han fortalde at ungane meiner Håsårudhåtten er litt trolsk når han tar dei med ut i den rydda turstigen; det likar ungane godt.
Vi følgde den gamle Bordvegen som var viktig for tømmerdriftene. Tømmeret frå Nordbygda i Lunde og Eikja, Uvdal og Tveiten i Bø blei truleg lenge før 1770 kjørt til Sperrudvelta nedanfor Torstveit, der Beverøya er i dag. Transporten gjekk om Myre og Roe langs Bordvegen. Bordvegen har truleg namnet sitt frå den særskilte næringa som knyter seg til sagbruka den gongen, nemleg plankekjøring. Vintervegen kom frå Lunde og Eikjabygda, gjekk bakom Staurheim og Borgja og forbi øvre Torstveit. Borda kom frå gardssagene på Brenne, Svenseid og Dorholt. Å fløyte bord gjennom Vrangfoss må ha vore heilt uråd på denne tida. Der var fossen for vrang før kanalutbygginga som stod ferdig fyrst på 1890-talet.
Gunleik Smestad er nå grunneigar på Staurheim. Han har fått registrert 13 gravhaugar og ei kolmile på 18 meter i diameter. Her finst også registreringar frå 1880 og 1970. Telemark fylkeskommune ved Sørum er nøye på at det må utarbeidast klare avtalar mellom grunneigarar og kommunar for å avdekke kulturfelt og gjere dei tilgjengelege. Kulturavdelinga i kommunen og turlaget har tatt på seg drifta av dette kulturminnet på Staurheim.
Kulturminneområdet Håsårudhåtten er eit gammalt gravfelt med mange graver frå ulike epokar. Vi fekk høyre om gravrøyser og gravhaugar, og ulike gravskikkar for ulike lag av folket. Bø turlag har utarbeidd ein informativ og rikt illustrert brosjyre om Håsårudhåtten.
BHH


