Kulturhistoriske rusleturer

Kulturhistoriske rusleturer: Leder Halvor Gåra. E-postadresse: halgaara@online.no

Turane startar kl. 10.30 frå Bø frivilligsentral for samordna kjøring, om ikkje anna er opplyst. 
Elles frammøte kl. 11.00 på startpunktet for turen. Vi reknar med at turen vert avslutta før kl. 15.
Det har hendt at turleiar har meldt avbod på kort varsel. Me har derfor ”tur på lur”, der ein frå gruppa kan orientere. For alle rusleturane gjeld: Ta med niste, du treng gode sko og klede etter vêret.

For turprogram: Sjå under fana «kalender».

ÅRSRAPPORT 2019 FRÅ GRUPPA FOR KULTURHISTORISKE RUSLETURAR
Klikk på lenka under, så sprett rapporten upp!

ÅRSRAPPORT FRÅ GRUPPA FOR KULTURHISTORISKE RUSLETURAR 2018

Gruppa består av Margit Sudbø, Petter Sevatdal, Borghild Hardang Hanto, Torstein Fosstveit og Halvor Gåra.

Turane har blitt planlagt rundt eit bord i Gullbring på måndagar etter programmet i kinosalen.

Turar: 6 turar stod på programmet i 2018. 5 blei gjennomførde.

  1. 24.4: Patmos, Norsjø ferieland, Holtasaga og Møllarstugo. Peder Rekkedal var kjentmann og forteljar. Fleire lokalkjende hadde bidrog med historiar og lokalhistorisk stoff om sagbruk, tegleverk, bygging av sørlandsbanen og stugo der Myllarguten blei fødd. Fekk også sjå ei kvenn som har blitt restaurert og eit vikingskip som låg ved Norsjø ferieland. Turen blei flytta frå 10.4. til 24.4. på grunn av snøforholda. 22 deltok. Halvor Gåra ansvarleg.
  2. 8.5: Tur til Oredalen ved Tveiten i Uvdalsheia. 20 deltok. Finn Rønning, som nettopp hadde skrive 1. band i husmannssoga, fortalte om plassar og husmenn i Uvdalsheia. Kari Tengesdal bidrog med lokalhistorisk stoff som ho hadde frå lokale kjelder. Dette foregjekk like ved Tveiten under matpausa. Etterpå var det rusletur til Oredalen der fleire hadde innslag om folk og liv på Oredalen. Margit Sudbø ansvarleg.
  3. 12.6: Tur til Landsmarka , 20 deltok. Samling i Landsmarka kapell der John Peder Lia fortalde om kapellet og om det særprega, klassedelte samfunnet i Landsmarka der dei fleste var leiglendingar. Var ogå oppom ein gamal tingstad og kjørte gjennom bygda til Langen der turen blei avslutta med matpause. Ansvarleg Halvor Gåra
  4. 12.9: Turen til Grønkjær og Storebråta blei avlyst på grunn av regnver , dårleg frammøte og sjukdom. Har planar om å få til turen seinare.
  5. 9.10: Tur frå Oterholt til Hellos ved Bøelva. 30 møtte fram. Leif Krosshaug fortalte ved frammøte ved Bø museum om liv og arbeid langs elva. Så gjekk turen til Kvennøya der Arne Myhre, Thorvald Amundsen og Tor Sisjord bidrog med stoff om arbeid, fløyting og kraftproduksjon. Så var det matpause i gapahuken til Bø fiskelag der Tor Sisjord fortalte om arbeidet til fiskelaget. Turen gjekk vidare til plassane Haugesag og Hellos der Arne Myhre fortalde om dei som braut opp plassane og levde her under svært fattige kår. På Hellos var det bakeri, og her voks kjende spelemenn og felemakarar opp. Ansvarleg Halvor Gåra
  6. 6.11: Tur til Admini på Notodden. 53 møtte fram og betalte kr. 100 for opplegget. Kasserar Mette Østerli Evju hjelpte til med innkrevinga. Det måtte skaffast ekstra stolar for å få plass til alle 53. Trond Aasland fortalde den spennande historia om industrieventyret på Notodden og bakgrunnen for praktbygget Admini der Sam Eide regjerte. Målfrid Ravnåsen hjelpte til med omvisinga etterpå. Planen om felles lønsj etterpå fekk vi ikkje til.

På vegne av Kulturhistorisk ruslegruppe – Halvor Gåra