Kvifor er insekta så viktige?

Medlemsmøte Midt-Telemark Seniorlæring 26.08.2019

Professor emerita Eline Hågvar

Eline Hogvar

Eline Hågvar er pensjonert professor frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU), tidlegare Norges Landbrukshøgskule på Ås. Der har ho undervist og forska innan zoologi og økologi, med spesialfelt entomologi (læra om insekt). Doktorgraden tok ho med emnet «Biologisk kontroll av skadeinsekt i landbruket».

Vi veit no at 40 % av insekta i verda er i ferd med å døy ut. Blant dei viktigaste årsakene er menneskeleg aktivitet innan skog- og jordbruk, og ikkje minst politisk bestemt arealbruk. Klimaendringane er enda ein faktor. Kva vil skje dersom dei pollinerande insekta blir færre? Kan vi bli nøydde til sjølve å pollinere frukthagar og moltemyrer?

Insekta har tre par ledda bein, antenner (følehorn), og dei fleste har 2 par venger. Fluene har bytta ut eit vengepar med «balansekøller».

Insekta lever på land og i ferskvatn. Men i havet finst det ikkje insekt. Der er det krepsdyr!

Insekta har blitt mykje færre, både totalt og i talet på artar. Det er fire hovudgrunnar til det:

  • Øydelegging av leveområda (habitat-øydelegging)
  • Intensivmonokultur i jordbruket (sprøyting og bruk av kunstgjødsel)
  • Innføring av framande artar
  • Klimaendringar. Planter og insekt reagerer ikkje likt på klimaendringar og kjem i «utakt».

Like fullt er individtalet på insekt langt større enn nokon annan artsklasse i verda! Det er 1,2 millionar artar i verda, men berre 18 000 i Norge.

Typisk for insektas sitt liv er 4 stadier: Egg, larve, puppe og vakse insekt. Larvene gjeng gjennom fleire hamskifte etter som dei veks. Insekta er vekselvarme, og mange kan i dvale tole temperaturar langt under null!

Insekta formerar seg snøgt. Dersom bladlus fekk heilt optimale veksttilhøve, utan fiendar, vil dei i løpet av eitt år kunne formeira seg til ei mengde som ville utgjera eit 14 mil tykt lag med bladlus rundt heile jorda! Takk og lov for at det finst marihøner!

Insekta finst elles i alle næringsnett/næringskjeder i naturen. Insekta er heilt nødvendige for alt liv på jorda, både for planter, fuglar og dyr – som for eksempel menneske!

Nokre insekt er planteetarar. Eksempelvis fjellbjørkmålar, snutebiller, eks. gransnutebille (som trivs i flatehogstar!), ospeminérmøll (som lagar mønsteret i ospelauv) og barkbiller (som i utgangspunktet er nyttige for å ete opp døde tre). Barkbiller blir, når dei blir for mange, eit skadeinsekt som gjeng laus på friske tre. Dersom gjennomsnittstemperaturen stig som fylgje av klimakrisa, vil barkbillene kunne lage ein ekstra generasjon i året! Da blir det krise i skogen!

Ei viktig insektgruppe er pollinatorar, som humler, honningbier (som er importerte og lever i samfunn), villbier (lever ikkje i samfunn, men er kanskje viktigare pollinatorar enn honningbiene og humlene), blomsterfluer (liknar veps, men har eit anna flygesett) og sommarfuglar.

Rovinsekta lever av skadeinsekt. Marihønene er spesielt nyttige. Både den vaksne marihøna og larvene et bladlus! Snyltekvepsen er spesiell. Den tek knekken på bladlusa ved å legge egg i ho! Snyltekvepsen er lett å «dyrke» og kan kjøpast! Den vert bruka i veksthusdrift.

«Nedbrytarar» bryter ned døde dyr. Her kjem biller og spyfluelarvar inn!

Nokre billeartar lever av dyreavføring. Det skal vi vera glade for. Australia hadde ikkje andre pattedyr enn pungdyr, som ikkje er drøvtyggarar. Dermed hadde det heller ikkje blitt utvikla insekt som braut ned avføring frå kyr. Da kyr blei innførte for å skaffe mjølk til fangane som var deporterte frå England, heldt landet på å bli nedlest av kumøkk! For å berge seg innførte dei 43 billeartar. Enno veit ein vel ikkje om det også kan ha uheldige sider.

Kva kan vi sjølv gjere for insekta? «Sett av eit hjørne i hagen der plantene kan vekse litt fritt» sa Hågvar. Ho avslutta med å anbefale at vi les boka til hennar kollega Anne Sverdrup-Thygeson: «Insektenes planet». Sjølv tilrår referenten au «Bienes historie» av Maja Lunde.

                                                                                                                              Halvor Langåsdalen (ref.)