13. september 2022 var det tur til Stoklandheia. Vi kjørte i 3 bilar til Bortistugu Stokland, den mellomaste av gardane, der Olav Halstensgård tok i mot oss og bad oss inn.
Finn Rønning fortalte om husmannsplassar i grenda, men også litt generelt om husmannskontraktar og dei økonomiske og sosiale forhold som husmennene levde under. Olav, som nå har garden, fortalte litt om garden i eldre tid og utviklinga fram til i dag. Systera Birgit bidrog også med kunnskap om livet på Heia i oppveksten etter krigen. Olav serverte kaffe og saft, og gjestene kunne eta nista i ei varm stugu.
Så var det tid for rusletur med Olav om kjentmann. Me starta ved Orebakken og gjekk vidare til tuftene av plassen Hellerhaugen. Etter ein kort biltur gjekk me til plassen Slåtta med fleire tufter, røyser og steinmurar.
Klokka blei nærmare 15 før me takka for omvisning og gjestfridom.
Bind 4 av husmannssoga kjem til våren, kunne Finn Rønning fortelje. Da får me skriftleg det som me fekk høre om denne dagen.
11 deltok inne. 7 var med på rusleturen.
Turansvarleg og referent Halvor Gåra