Seniorlæring i Midt-Telemark – referat frå medlemsmøte 27. mars

Halvor Langåsdalen: «LØFT, Løysingsfokusert tilnærming»

Denne måndagen var dagen for årsmøtet i Seniorlæringa, Foredragshaldar i etterkant av årsmøtet var Dag Ove Skjold, med temaet «Historiske linjer og dagsaktuelle utfordringer i den norske kraftforsyningen». Akutte helsegrunnar gjorde at han same morgonen måtte melde avbod, og da var gode råd dyre for styret. Nyleg vald leiar tok da på sparket på seg oppgåva med å erstatte dette foredraget, utan nokon som helst førebuing. Frå arkivet henta han ein presentasjon av LØFT, som er ei forkorting for «Løysingsfokusert tilnærming».

Når ein opplever problem i ein eller annan situasjon eller organisasjon, er det vanleg å kartlegge problemet, finne løysing på problemet og så gjennomføre løysinga. Dette høver greitt i «tekniske» situasjonar, men dårlegare i mellommenneskelege situasjonar. Dessutan fører det stor grad  til fokusering på problema, og det kan fort komme til å forsterke desse. Og som regel er alle aktørane ein del av situasjonen. Dei har kvar si oppfatning av kva som er problemet, og desse oppfatningane stemmer oftast ikkje overeins.

LØFT er ein alternativ tankemåte. Metoden vart visstnok «oppfunnen» innan familierådgjevingstenesta i Milwaukee i USA. (Dagens samfunn i USA kan tyde på at enten vart den ikkje nytta rett, eller så er den ikkje kraftig nok!) Psykolog Gro Johnsrud Langslet kom med metoden til Norge og har nytta den her. Ho har skrive fleire bøker der metoden vert tilpassa ulike miljø, mellom anna «LØFT i skolen».

Metoden bygger  på 8 «læresetningar»:

  1. Det vi trur på påverkar det vi leitar etter og ser/finn.  Det er eigne auge som ser!
  2. Det finst både problem og ikkje-problem. Det gjeld å velje, og fokusere på det.
  3. Ein treng ikkje forstå problemet for å løyse det! Finn heller løysinga! Som eit eksempel: For dei fleste av oss gjeld dette mykje i samband med bruk av PC!
  4. Åtferd som det vert fokusert på tek seg opp att! Ikkje minst er dette viktig når det gjeld barn!
  5. Språket skaper verkelegheit. Det er ikkje likegyldig korleis vi uttrykkjer oss, kva for ord og uttrykk vi nyttar!
  6. Små endringar skaper større endringar. Uansett kor lang reisa skal bli så startar ho med det fyrste steget! Har ein tatt det fyrste steget, er det alltid lettare å få til det andre!
  7. Endring skjer heile tida! Stabilitet eller stillstand er ein illusjon!
  8. Den saka gjeld veit best. Den kjenner best kor skoen trykkjer som har den på! Sjølv om ein ikkje så langt har sett løysinga, vil ein alltid lettare støtte ei løysing når ein har vore med på å finne på den! Sjølvgjort er velgjort, om det så er halvgjort!

Gode mål i LØFT er alltid å få til ei endring, ei endring frå det som ikkje fungera. Måla vert beskrive ved ei endring i handling, dvs. det som er annleis, det som partane gjer annleis, når problema er løyste eller er klart mindre. Måla kan gjerne vera små, som til dømes det fyrste steg. Måla må vera realistiske og konkrete, og må vera lette å konstatere. Og dei må vera viktige for dei involverte partane.

Endringa frå den opphavelege situasjonen til den nye situasjonen, måloppnåinga, kan ein til dømes gje poeng på ein skala frå ein til ti. Eller terningkast, som er så populært i dag.

Ein kan også stille «mirakelspørsmålet»: Dersom mirakelet har skjedd og situasjonen er klart betre, korleis kan me vite det? Eller dersom det er eit klart unnatak frå den vanskelege situasjonen, korleis merkar me det? Kva gjorde me annleis da? I dette ligg løysinga!

Og til slutt, som Odd Børretzen syng: «Noen ganger er det ålreit!» Kva gjer me annleis da, kva er det som trass alt gjer at me har det «ålreit»? Der ligg løysinga, utan at me veit kva problemet eigentleg var!  Gjer heller meir av det som gjorde situasjonen «ålreit»! Der ligg løysinga! Lykke til!