Seniorlæring i Midt-Telemark – referat frå medlemsmøtet 26. september

Måndag 26. september fekk Seniorlæring i Midt-Telemark besøk av soknediakon i Vest-Telemark, Eiliv Erikstein. Temaet var «medkjensle».

Historiestudiar og arkeologi var det han starta med, men arbeid på Gaustad psykiatriske sjukehus endra valet av yrkesveg. Han vart sjukepleiar og diakonikandidat, og fekk i 1991 stillinga som prostidiakon i Tokke, Vinje, Nissedal, Kvitseid og Fyresdal, med bustad på Dalen.

Når brøytestikk om hausten blir sett ut langs tronge vegar i Øvre Telemark er det ei litt lei påminning om at vinteren og mørketida kjem. Men det er også eit uttrykk for medkjensle: Dei er viktige for å halde seg på vegen, og for å finne vegen trygt heim.

Erikstein fortalde at han som ung fekk ein hårsjukdom, alopesi, som førde til at han mista alt hår. Dette var jo leit, men det viste seg at det også kunne være til hjelp. Det første oppdraget han fekk i jobben på Gaustad var å gje Antabus til ein rusmisbrukar. Kan hende ikkje den beste måten å møte eit menneskje på for første gong. Men Eiliv sin hårsjukdom skapa ei medkjensle i misbrukaren som skapa tillit dei imellom.

Erikstein fortalde at i dei møta han til vanleg hadde var stort sett 6-7 personar samla. I desse små gruppene bad han gjerne folk dele ei oppleving om medkjensle. Å møte ei så stor samling som i Gullbring, om lag 80, var uvanleg for han. Men han gjorde som han bruka, og bad folk i salen om å samtale med naboen om dette temaet. Etterkvart summa det av prat i salen, så det var tydeleg at erfaringane var mange.

«Diakonus» er gresk og betyr tenar, og ordet er nemnd fleire gonger i bibelen. Oppgåvene til ein soknediakon er å drive med hjelpearbeid og være sjelesørgar i soknet, ha kontakt med folk som treng hjelp eller nokon å snakke med, lage fellesskapsbyggjande tiltak og ha kontakt med kommunen sine andre hjelpetilbod.

Mor til Eiliv hadde liksom aldri akseptert vegen han hadde valt. Men på dødsleiet hennar fekk han anerkjenning for sjukepleiarutdanninga si. «Det var stort», sa Eiliv.

I romanen Fuglane beskriv Vesaas utanforskap gjennom figuren Mattis («Tusten»). Så opplever Mattis ein gong å bli kalla ved sitt rette namn, og blir beden om å gjere ein jobb. Det blir for han ei stor oppleving – å få brakt nåden inn i det kvardagslege.

Kaffidrikking er viktig, og eit uventa besøk – å overraske nokon ubedt, og utan å sende melding først. Erikstein viste til Ole Brumm og Nasse Nøff sitt besøk til eselet Tussi, som ikkje var van med slike besøk. Ekte venner er der for deg – uansett. Nærvær betyr mykje.

I sorggrupper er 85 % damer. Mannfolka driver med vedhogst – for dei kan aktivitet være ein del av sorgprosessen. Å gråte er vanskeleg for menn. Erikstein har erfart at nysgjerrigheit kan være ein bra inngang til å bli kjend med andre og få greie på kva dei strir med.

I historia om Den barmhjertige samaritan har presten og levitten ikkje tid til å hjelpe, eller dei vil ikkje bli tilgrisa av blodet til den overfalla og skadde mannen. Men samaritanen hjelper. Han er symbolet på vår neste, på tydinga av å elske sin neste som seg sjølv.

Willy Brandt knela i 1970 framfor monumentet i Warszawa over dei falne og offera etter 2. verdskrig, og bad slik om orsaking for ugjerningane til Nazi-Tyskland. Det var òg eit uttrykk for medkjensle.

Kva er så medkjensle? Tarjei Vesaas sa ein gong at medkjensle er å kjenne seg att i andre. Men medkjensle kan være så mangt. Det kan også være å seie frå og sette grenser.

Vi menneske treng kvarandre, og ei grunnhaldning av medkjensle er det som gjer relasjonar trygge å være i og eit samfunn trygt å leve i. Ei nyttig påminning frå Erikstein.

Med oppmoding frå leiar Per H. om å snakke med nokon ein ikkje kjenner i forsamlinga, gjekk me ut til kaffi og rundstykke.

Herdis