“Seniorlæring i Midt-Telemark”

Dette er det nye namnet kons, vedteke på årsmøtet 24. februar 2020. Bakgrunnen for endringa er at “Midt-Telemark …”, med eit namn etter seg, på ein måte er blitt oppteke, etter at salige Bø og Sauherad gjekk opp i “ei høgare eining”. Det gamle namnet kunne lett få ein stakkars lesar til å tru at seniorlæring berre var for folk i den nye kommunen. Men slik er det jo ikkje – Nome er framleis med i Midt-Telemark-området, og Midt-Telemark lever i beste velgåande.

Ein kan seie mykje om politikarar. Og mykje vert sagt om dei – både fortent og ufortent, av positivt og negativt.

Ein kan no med sikkerheit slå fast at nivået på kreativiteten blant politikarane her i området er fullt på høgde med kreativiteten ein ser blant politikarar andre stader i kongeriket. Til dømes når det skal setjast namn på nye kommunar eller fylke.