Terje Tvedt: «Verdenshistorie, samfunnsutvikling og kontroll av vann. Noen dypdykk.»

Referat frå medlemsmøte i Gullbring, 31.01.22.  Arrangert i samarbeid med USN.

Terje Tvedt er professor ved Institutt for geografi, Universitetet i Bergen. Tidlegare har han vore professor i global historie og statsvitskap ved Universitetet i Oslo, samt gjesteforelesar ved Cambridge University. Han har skrive og gjeve ut ei rekke bøker, mellom anna «Verdens historie – med fortiden som speil».

Mest kjent er han for boka «Nilen – historiens elv» som blei til dokumentarserien «Kampen om Nilen».

Han har motteke ei rekke norske og internasjonale prisar for arbeidet sitt.

Tvedt starta med å nemne nokre døme på vatnets betyding for verdshistoria:

«Romas historie er skriven i vatn.» Den som har vore i Roma har sett det, og det gjeld ikkje berre Trevi-fontena, der Anita Ekberg bada i filmen «La dolce vita»!

Den stadige konflikten mellom India og Kina gjeld kampen om tilgangen til dei store elvane i Asia. Vatn-anlegga til Sølvgruvene på Kongsberg er eineståande i Norge. På YouTube kan ein sjå filmen «Water in the World» (og mykje anna). Den fyrste filosofiske uttala ein kjenner til, er frå filosofen Thales. Han sa: «Alt er vatn», noko som nok er både feil og ei overdriving!

Vatn er jordas viktigaste ressurs, og det er det einaste elementet som er blitt bruka – og blir brukt – som maktmiddel mellom makter og statar. Vatn finn ein i ulike former over alt, men det varierer heile tida, og står opp att som seg sjølv uansett kva vi gjer med det! Kroppen vår inneheld omlag 70 % vatn. Taper ein 10 % av dette blir ein gal, og taper ein 20 % så døyr ein!

For 10 000 år sidan var landet Sumer sør i Mesopotamia – rundt Eufrat og Tigris, dagens Irak – eit aude ørkenland. Så var det ein som kom på å føre vatnet ut over ørkenlandskapet. Dermed fekk ein det fyrste irrigasjonslandbruket – dyrking ved hjelp av kunstig vatning – ein av dei største revolusjonane i menneskas historie. Frå Bibelen kjenner me til at Mesopotamia vart eit grøderikt område. Området vart eit sentrum i verda. (Israel har dyrka opp Sinaiørkenen ved hjelp av dryppvatningsteknikk lik den ein nyttar i frukthagane i Nesherad! Ref. kom.)

Det fyrste skriftspråket vart òg oppfunne her – av ein revisor! Skriftspråk var enda ein revolusjon. Det er heilt avgjerande for at me skal kunne vite noko sikkert om fortida.

Så til Nilen! I Kairo kjem det omlag 15 mm nedbør i året, og i lenger oppe langs Nilen, på Sudansteppene, kan det gå opptil 3 år utan nedbør. Likevel er Nilen er der heile tida. Dei årlege flaumane i Nilen hadde med seg verdfullt slam til nytte for jordbruket, og vatnet blei året rundt brukt til vatning. Nilen skaffa både mat og inntekter. Vatnet i Nilen var derfor i gamal tid så viktig at skattane vart fastsette etter vasstanden i Nilen, målt ved hjelp av «Nilometeret», ein fast målestav sett opp av Farao!

Verdas største samling menneske er i India. Der samlast 50 millionar menneskje kvart år for å ta «det heilage badet», ikkje minst i Ganges. Der i landet var det òg langt tilbake ei stor elv som heilt forsvann på grunn av klimaendringar! Elvefaret vart funne av engelskmennene i samband med jernbaneutbygging, for øvrig ein aktivitet dei heldt på med meir eller mindre over alt der dei kom!

Av og til kom det flaumar i elvene, og andre gonger kunne det vere tørke. Dette gjorde livet og tilværet uforståeleg og uoversiktleg for menneska. Dermed fekk dei behov for noko som kunne forklare desse skifta. Etter kvart oppstod det eit presteskap, som kunne fortelje om krefter og gudar som styrte vatn, vêr og vind. Gud bruka vatnet som straff i form av Syndfloda, og Paradis er staden der det alltid renn vatn! Alle religionar i verda har eit forhold til vatn! Jordbruket var på mange måtar ein føresetnad for religionane, ettersom det ga ei avkasting som kunne fø presteskapet.

Neste store revolusjon var den industrielle. Den var også sterkt knytt til vatn. Sentralt i Den industrielle revolusjon var tekstilproduksjon, kol og jern. Vatnet var den einaste kraftkjelda, og det trongs ikkje store fallet til for å få i gang eit overstraums vasshjul, som kunne drive maskineri. Det store Ming-dynastiet, som både fann opp krutet og bygde Den kinesiske mur, hadde her eit problem. Dei store elvane i Kina renn så stille, og landskapet rundt er panneflatt! Men England hadde nok vatn. Det regner meir i Manchester enn i Bergen! Og i England er det høgdeforskjellar som kunne nyttast. Dette medverka sterkt til at England vart vinnaren i Den industrielle revolusjonen.

Langs ei rute som Silkevegen kunne ein nok frakte silke og liknande, men tunge varer, slik som jarn og kol, kunne ein ikkje få fram på hesteryggen eller i kjerrer på tråkk og dårlege vegar. Da vart båt løysinga – på havet, langs naturlege vassvegar eller kanalar. I England er dessutan tidevassforskjelen så stor at vatnet renn båe vegar i elvene! London ligg omtrent der floa ender. Når skipa til dronning Elisabeth I skulle til India, kunne dei fylgje straumen i Themsen ned frå London på veg ut, og straumen opp når dei kom attende, berre dei kom i starten av floa!

Lenger enn dette kom dessverre ikkje Tveit på ein time, men han kunne gjerne heldt på i fire!

Referent: Halvor Langåsdalen