Ved Ragnar Orten Lie og Vicky Katarina Mikalsen
Seniorlæring i Midt-Telemark – medlemsmøte i Gullbring 27.02.23
Denne måndagen hadde me besøk av prosjektkoordinator for «Vikingvegen», Ragnar Orten Lie, og prosjektleiar for vikingtidsatsinga i Vestfold og Telemark, Vicky Katarina Mikalsen.
Vikingtida reknar ein strekkjer seg frå mesteparten av jernalderen og langt inn i middelalderen. Kvinna(!) som vart gravlagd i Oseberggrava i 834 var 84 år gamal og hadde levd mest halve livet sitt i merovingartida.
«Vikingvegen» strekker seg frå Borre i Horten kommune til Skinnarbu i Tinn kommune. Med Vikingvegen tenkjer ein seg å binde saman kulturmiljø frå vikingtida, formidlingsstader, foreiningar og lag for å formidle kunnskap og opplevingar på en eins og levande måte. Historiske stader og aktivitetar på strekninga skal sende publikum ut på ei historisk reise frå kongens hall i Borre til reinsdyrjegerens jaktmarker på Hardangervidda. Midt-Telemark Museum er ein av 8 frivillige hovudaktørar på Vikingvegen. Vikingvegen i Vestfold gjekk opprinneleg frå Borre i Horten til Mølen i Larvik. Etter samanslåinga av Vestfold og Telemark blei Vikingvegen ført vidare, inn til Skien og opp langs Telemarkskanalen (vatn), eller via Gvarv/Bø/Seljord (land), til brynesteinsbrota i Eidsborg og vidare til Skinnarbu ved Hardangervidda. Dei tre største lokalitetane i Telemark kan bli Skien, med Telemark museum, Brekkeparken; Vest-Telemark museum i Eidsborg og Hardangervidda Nasjonalparksenter. Ein «vikingveg» som denne går frå konganes graver og haller til reinjegarar på Hardangervidda, med brynestein-, tjære- og jernproduksjon, jordbruk, jakt og skog, med gravfunn, handelsplassar og skipsfunn undervegs. Skal ein få dette til å fungere, spesielt no etter som fylket vert splitta att, må det samarbeid til over fylkesgrenser og kommunegrenser. Turistane, som ein ynskjer skal få oppleve dette, ser fylkes- og kommunegrensene like lite som den russiske ubåtkapteinen i Harald Heide-Steens skikkelse kunne sjå «den grense under vann!» I Vestfold starta arbeidet med Vikingvegen med bygginga av Midtgard vikingsenter i Borre og vedtaket om å bygge eit vikingskip, kopi av Gokstadskipet, på gamlemåten, i Tønsberg. Alt dette vil me kunne få sjå, oppleve og bli orientert om dersom me blir med på Seniorlæringa sin tur 9. mai! Meir om det seinare.
Ute i Europa, ja i store delar av verda, er Osebergskipet kjent. Brynestein frå Eidsborg finn ein reint fysisk over heile Europa. Den rotnar ikkje bort! Ein jaktfalk fanga på Hardangervidda kunne etter dagens valuta vere verdt rundt 400 000 kr i London! Han som var gravlagd i Gokstadhaugen var gravlagd med ein falk, og var ein ekte falkoner, dvs. ein som nytta ein falk til å jakte med! Kammar laga av reinsdyrgevir finn ein i Oseberggrava, men også i York i England! Alle desse varene kravde transport, ikkje minst tungt gods som kleberstein, brynestein og jern. Klåstadskipet, som ein kan sjå inne på Slottsfjellsmuseet i Tønsberg – det einaste vikingskipet ein kan sjå no sidan musea i Oslo er stengde – var lasta fullt med brynestein. Det forliste utfor Larvik ca. år 1000. Brynesteinen var nødvendig ballast, samstundes som den var ei verdfull handelsvare. Som betaling kunne ein få sølv, arabiske sølvmyntar og så smykke til vikingkvinnene!
Me tenker på vikingane som sjøfolk og krigarar, som fór bokstaveleg Europa rundt med både krig, plyndring og handel – mest berre utanskjers verksemd, med andre ord. Men eit skip er eigentleg eit innlandsprodukt, laga som det er av tre, tjære, skinn, tauverk, mengder av ull til segl og jarn til 5500 naglar!
Dei største gravhaugane var for dei aller rikaste, dei som hadde råd til å gravleggast i eit fullt brukande skip. Hauglagde vart òg sjølveigne bønder, gjerne husfruer; og krigarar i sokalla ryttargraver. Det me veit noko om, er korleis storfolk vart gravlagde, og ut frå dette kan me slutte oss til kva for liv dei levde. Lite veit me om korleis vanlege folk levde – 95 % av befolkninga kjenner me lite eller ingen ting til! En kan truleg hente kunnskap under dei hustuftene som det også i dag er bygd på, men der er det gjort lite utgravingar.
Orten Lie fortalte òg entusiastisk om kva slags «reise i vikingtida» det vil bli lagt opp til på dei ulike «destinasjonane» langs Vikingvegen, særleg musea i fylka. Det gjeld ikkje minst i Midt-Telemark. Dei har til og med laga to dokumentarar til Viasat som vert tilgjengeleg i 92 land! Dette vert samordna med eksisterande informasjonstiltak i kommunane.
Saman med Ragnar Orten Lie var prosjektleiar for Vikingtidsatsinga i Vestfold og Telemark, Vicky Katarina Mikalsen. Ho ser vikingtid i det meste og fortalte entusiastisk om det. Også om Sam Eyde, som nytta eit vikingskip i logoen for selskapet han grunnla, Norsk Hydro. Eyde ligg gravlagd eit steinkast frå Midtgard vikingsenter og har gjeve eit større eigedomsareal til museumsformålet!
Midgard vikingsenter i Borre ved Horten, der gildehallen er eit imponerande byggverk i eit storhaugmiljø med 50 haugar i alt, vert også nytta til festivalområde, ikkje minst til Midtgards-blot, som er ein «metallica-musikkfestival»! Turen til Midtgard vikingsenter m.m. som Seniorlæring i Midt-Telemark steller til 9. mai blir ei historisk reise! Meir om dette kjem seinare på fjesboka og på heimesida!
Ref. Halvor Langåsdalen