Dei store gåtene og den gode viljen: Om Tarjei Vesaas og forfattarskapet hans / foredrag og opplesing ved Stein Versto

Når:
29/01/2024@11:00-12:00
2024-01-29T11:00:00+01:00
2024-01-29T12:00:00+01:00
Hvor:
Gullbring kulturhus
Gullbringvegen 34
3800 Bø
Pris:
Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.
Kontakt:
Halvor Langåsdalen
414 46 140
Dei store gåtene og den gode viljen: Om Tarjei Vesaas og forfattarskapet hans / foredrag og opplesing ved Stein Versto @ Gullbring kulturhus

Tarjei Vesaas er ein diktar for dei store gåtene og den gode viljen. Det gåtefulle ved eksistensen renn som ein raud tråd gjennom forfattarskapet. Med eit uttrykk frå psykologien kan ein seia at han skriv seg inn mot det ubevisste.  

Det nødvendige i å bruke god vilje i si innstilling til livet – å vilja det gode – kjem også tydeleg fram. Tarjei Vesaas understreka dette både i tale og sakprosa, og han skriv det inn i si dikting. Men dette arbeidet med den gode viljen er avhengig av evnen til å sjå skuggesidene i mennesket, ikkje minst våre eigne. Forfattarskapet til Vesaas er aktuelt til alle tider, ikkje minst i dag.

Stein Versto fortel frå bøkene til Vesaas i lys av tematikken ovanfor, og les dikt og utdrag frå romanar av diktaren frå Vinje.