Kulturhistorisk rusletur – Grønkjær og Storebråta

Når:
10/09/2019@10:30-15:00
2019-09-10T10:30:00+02:00
2019-09-10T15:00:00+02:00
Hvor:
Bø Frivilligsentral
Stasjonsvegen 10
3800 Bø i Telemark

Vandring gjennom skiarenaen på Grønkjær fram til Storebråta. Orientering om den store skogbrannen på Heståsen, om stulsdrift i området, buferdsvegar frå Heddal til Lifjell, og om likvidering av to unge motstandsmenn ved Storebråta. Denne turen blei avlyst sist haust.

For samordna køyring startar turane kl. 10.30 frå Bø frivilligsentral, om ikkje anna er opplyst.

Eller ein kan møte fram der rusleturen eller arrangementet startar.

Som oftast avsluttar vi før kl. 15.

Ta med niste, og kle deg etter veret.