Kulturhistorisk rusletur: Gunheimområdet på Gvarv

Når:
10/06/2025@10:30-15:00
2025-06-10T10:30:00+02:00
2025-06-10T15:00:00+02:00
Kontakt:
Anne Ruth
452 05 620

Ansvar: Anne Ruth

Kjente og forteljarar: Anne Underberg og Jon Jarle Haugen

Turen startar kl.10.30 frå Bø frivilligsentral for samordna kjøring dersom ikkje anna blir opplyst. Som oftast avsluttar vi før kl. 15.00.

For dei som møter direkte: Gunheim skule, Gunheimvegen på Gvarv kl 1100. Der blir det informasjon om opplegget for turen langs Kvennbekken og historie om Gunheim skule.

Deretter: Litt av historia til Kvernbekken fra Flåthaugen til Gunheim. Bekken kjem fra Holtan Damtjønn og delar seg i Kvernbekken og Holtanbekken.  Jon Jarle Haugen fortel om olderfaren sin bruk av Kvernbekken.

Vi går opp Åsåresvegen.  Aslak snakker om møller+ sager knytt til gardene, og Guro sier litt om folka som bur her. Anne Underberg fortel om verkstaden her og historien bak «tørkerike», kven har «damrett» i Kvernbekken?

Ved Flåthaugendammen tar vi matpause ca kl 13. Steinar Sæland sier litt om bruk av Kvennbekken knytt til garden.

Vi går om Bergan til Gunheim skule Aslak og Anne har historier langs vegen