Ansvar: Halvor Gåra
Kjentmann og forteljar: Augon Eika
Turen startar kl.10.30 frå Bø frivilligsentral for samordna køyring dersom ikkje anna blir opplyst. Som oftast avsluttar vi før kl. 15.00.
For dei som møter direkte: Parkeringa ved Bø tråvbane kl. 11.00.
Rundtur med kjentmann og eldsjel Augon Eika. Han har vore ei drivkraft for å få til dette aktivitetsområdet som mange nyttar seg av året rundt. Her er tråvbane, lysløype, skiskyttaranlegg og skileikbakke. Augon vil også fortelje om skyttarbanen som låg her i mange år, men som nå er nedlagt.
Det kan også bli aktuelt med tur bortom Tjønnaplassen der lokalpoeten Gregar Tjønna, som skreiv Bøsongen, voks opp.
Det er fine bål- og rasteplassar i området som me kan bruke under matrasten.
Og som vanleg: Hugs mat/drikke, sitteunderlag og godt fottøy 🙂