
Ansvar: Borghild Hardang Hanto
Kjentmann og forteljar: Sigmunn Ytterbø
OBS! Merk tida! Turen startar kl. 10.15 frå Bø frivilligsentral for samordna køyring, og vi prøvar å avslutte før kl. 15.00.
For dei som møter direkte: Frammøte på staden kl. 11.
Slik finn du fram: Køyr gjennom Helgja – straks etter å ha passert kommunegrensa til Skien – ta inn vegen til høgre mot Tveitan. Køyr ca.1km – ta så inn til høgre på Gudmundsbekkvegen (open bom) og køyr ca 500m til parkering. Frå parkeringa skal vi gå på god skogsbilveg og sti, ca 1,5km, fram til Tollefsbu der Malmstrøm budde.
Vilhelm Malmstrøm (1889 – 1983) var Helgjas svar på Isak Sellanrå. Han levde som einebuar i skogen i Helgja delvis i onkelen si tømmerkoie – delvis i ei steinhytte han hadde bygd sjøl. Visstnok skal han ha rømt frå Gaustad ein gong rundt 1935 og dro då til Helgja der han hadde familie. Han livnærte seg på sjøldyrka poteter, epler, bær – og sild som han kjøpte på Helgen Handelslag. Fortsatt står veggane på steinhyta hans og ein kan sjå restar av nokre av epletrea hans.
Malmstrøm var ihuga kommunist – samstundes som han var kristen!
På turen vil Sigmunn Ytterbøe fortelje meir om denne einebuaren.
Hugs mat/drikke, sitteunderlag og godt fottøy 🙂