Kulturhistorisk rusletur – Lifjell, Vihusområdet

Når:
11/06/2024@10:30-15:00
2024-06-11T10:30:00+02:00
2024-06-11T15:00:00+02:00
Kontakt:
Halvor Gåra
905 62 953

Ansvar: Halvor Gåra

Kjentmann og forteljar: Halvor Gåra (i samarbeid med Gunleiv Brukås)

Frammøte ved Frivilligsentralen kl. 10.30 for samkjøring. Det er bilveg heilt fram som vi får lov å bruke.

Vihus er ein stule i skoglia opp mot Lifjell som har tilhørt Bø prestegard tidlegare, men som nå er i privat eige. Dokument viser at her har det vore fast busetjing tidlegare. Det er også påvist tufter frå eldre tider. Mange segner er knytt til Vihus og kaksen Vetle Vihus.  Noko av dette finn ein i Bøsoga, men Gunleiv Brukås vil vise oss rundt på stulen og ta oss med til dei gamle tuftene  og fortelje om Vihus i gamal tid. Kanskje får vi med oss Olav Idland som veit mykje om bruk av Vihus i nyare tid, som skogsdrift, opplæring i skogbruk og jakt.

Ta med termos og niste til matpausa!

Som oftast avsluttar vi rusleturane før kl. 15.00.