I forlenging av Ånond Versto sitt foredrag «Streif langs Sogevegen» (30.september), inviterer vi til busstur til Flatdal og Hjartdal tysdag 15. oktober. Turen går frå Bø stasjon kl. 09.00, med retur til same stad kl. 17.00
Turleiar, kjentmann og forteljar: Halvor Langåsdalen
Praktisk – pris og påmelding: Max 53 deltakarar, prinsippet er «fyrstemann til mølla», og du melder deg på ved å betale inn aktuelt beløp til Seniorlæring i Midt-Telemark med VIPPS 574 810 – merk med namn.
Pris: Kr. 400, – for medlemer, kr. 600,- for ikkje-medlemer. Prisen inkluderer buss, lunsjtallerken med kaffi og kringle på Nutheim, samt orientering og guiding undervegs.
Påmeldingsfrist: seinast 3. oktober 2024, men hugs «fyrstemann til mølla»! OBS! Dersom du betalar inn, men ikkje får plass fordi turen er fullteikna, får du sjølvsagt pengane refundert.
Program (med atterhald): Stoppestadar: Århusmoen (start) – Flatsjå – Utsiktspunkt Langjordet/Åse (gå til) – Nutheim (lunsj og orientering om Nutheim) – Svartdal (eventuelt) – Kulturlandskapssenteret i Gamleskulen i Hjartdal (orientering ved Ingvild Buen Garnås). Retur gjennom Mælefjelltunellen.
På bussen får du utdelt eit lite tursamandrag, og vi har også med mobilt høgtalaranlegg vi kan bruke om nødvendig. Arrangement ved gruppa for kulturhistoriske rusleturar og hovudstyret i SLMT. Les meir om turmål her:
Kulturlandskapssenteret