«Utru veljarar. Oppdatert syn på kommuneval 2023» v/ Bernt Aardal

Når:
28/08/2023@11:00-12:00
2023-08-28T11:00:00+02:00
2023-08-28T12:00:00+02:00
Hvor:
Gullbring kulturanlegg
Pris:
150 / 250 inkl. lunsj

Måndag 11. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i kongeriket. Det er knapt mogleg i år å finne eit meir aktuelt tema for foredraget på medlemsmøtet enn det professor Bernt Aardal kjem med – «utru veljarar». Og det er neppe mogleg å finne ein meir aktuell foredragshaldar om dette temaet enn nettopp Aardal.

Bernt Aardal er valforskar og professor ved Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo. Han er rekna som ein av dei aller fremste på sitt fagfelt, og er kanskje den hyppigast siterte valeksperten i Noreg. Aardal er ofte brukt som kommentator i mediene i forbindelse med val og valkamp, og var ekspertkommentator i NRK TVs valsendingar 1997–2017. Han leverar òg  data og analyser for partibarometer og meiningsmålingar.