13. oktober: Båttrafikken på Norsjø. Kulturell rusletur til Årnes brygge

Dette er same opplegget som måtte avlysast hausten 2019.

Turleiar: Torstein Fosstveit

Frammøte på Årnes brygge 11.00, eller på Frivilligsentralen 10.30 for samkjøring (eller kolonnekøyring – hugs Korona-tiltaka).

NB! Det er begrensa med parkeringsmoglegheiter ved brygga og langs vegen, men me har fått generøs tillating frå Aarnes kafeteria til å parkere der, enten på framsida, eller på platået på nedsida. Ein må rekne 10 til 15 minutt på spaserturen frå kafeteriaen ned til Årnes brygge. Men då får ein rusla litt, både att og fram, og kan ta lunsjen på kafeteriaen!

Båten på biletet er den fyrste motordrivne rutebåten på Norsjø og Heddalsvatnet, hjuldamparen D/S Statsraad Stang, som i 1852 vart sett i trafikk mellom Fjærestrand ved Skien og Tangen brygge i Hiterdal (som låg omtrent ved enden av flystripa i dag). Teikning av J. A. Scneider, henta frå heimesida til Notodden historielag.