Referent Gyrid Kvaale. Siste samling i Seniorlæring denne våren var måndag 26. mai – tema var litterær inspirasjon.
Vi fekk besøk av Liv Gade, utnemnd som Norges einaste og beste bokinspirator av Hans Olav Brenner. Ho fekk forlagsprisen i 2007 og reiser land og strand rundt for å snakke om bøker, både for vaksne og barn.
Ho heldt eit intenst, engasjert og sprudlande foredrag om bøker og lesing for 65 frammøtte.
Vi fekk innblikk i 10 boktitlar, både skjønnlitteratur og krim. Ho krydra også foredraget med dikt og sitat av bl.a. Ole Paus, Inger Hagerup og Hilde Hammer m.f.
Her er boklista – (også vedlagt på bilete under). Vi oppfordrar folk til også å google bokpresentasjonar av desse bøkene på nett!
1 Kyrre Andreassen: Ikke mennesker jeg kan regne med – Hovudpersonen Linda Hansen bur på Rødberg. Ekteskapelege knutar på tråden. Stort persongalleri som er karakterisert på mangfoldig vis. Stikkord – einsemd?
2 Therese Lund Stathatos: Det sjette barnet – Ei voldsom leseoppleving. Drama og klassekamp. Skal bli ein triologi. Kan samanliknast med bøkene til Anne Karin Elstad.
3 Clara Leslie Hall: Når jorden brister – Kan samanliknast med boka «Der krepsene synger». Trekantdrama – lidenskapeleg kjærleik – nord i England. Svært spennande bok – kan bli film i framtida.
4 Anne Østby: Å danse i Lahore – Det luktar av karri og kebab. Edith som likar å ha rutinar og er vant til struktur og einsemd, hamnar i eit heilt nytt miljø, der ho blir omfamna av ein heil flokk med varme menneske som ser ut til å kjenne ho, men ho anar ikkje kvifor.
5 Stian M Landgaard: Portrett i flammer – Ei ung jente blir modell for målaren Arnold Krag, på Isle of Wight. Eit portrett blir skapt i løpet av tre månader. Stolne møte og forboden kjærleik.
6 Andrew Walden: Jævla menn – Boka har fått Augustprisen. Vi er på 80-talet i Sverige. Skriv om seg sjølv og sine sju fedrar, frå under stuebordet, han under og dei vaksne over, dei røyker og drikk. Han vil at «indianaren» skal vere den ekte far hans.
KRIM:
7 Terje Børanger: Den ingen ser – Thriller – kanskje årets beste krimbok meiner mange. Kurdisk miljø. Familien si ære står på spel.
8 Eva Fretheim: Fuglekongen – Boka har fått Rivertonprisen. Ho blir sett på som ny krimdronning i Norge. Bygdenorge på sitt beste og verste.
9 Guillaume Musso: Englevakt – Han er Frankrike sin thrillerkonge. Store forviklingar på tvers av landegrenser – USA og Frankrike.
10 Ingrid Berglund: Trettende statuen – Handlinga går føre seg ved Sjøholmen ved Høvik der 12 skulpturar er senka ned i sjøen. (Dette er sant.) Kva med den 13.? Ei utruleg og vakker forteljing.
Ref. Gyrid Kvaale 1. juni 2025.

