Referat ved Anne Ruth.
10 juni 2025 møtte over 30 personar på Gunheim skule til kulturhistorisk rusletur i litt duskregn, tema var Kvennbekken på Gunheim. Fra Holtandamtjønn (394 moh) renn Gunheimbekken ned lia til Gvarvelva. Etter skillet til Holtanbekken er navnet Kvennbekken.
Kvennbekken gav vatten til folk og dyr på alle gardane fra Fåthaugen (121 moh) til Gvarvelva. Bekken gav i si tid vasskraft til 7 kvenner/møller, 2 stampar for ulltøy, 3-4 sager, 3 verkstadar, smie og 3 treskeverk.
Anne Underberg snakka om Gunheim skule.
Jon Jarle Haugen fortalde om oldefaren som kjøpte Haugen på 1800-talet fordi her kunne han ha vasshjul til drivkraft til verkstad og vatten til folk og dyr. Han viste ordrebok, redskap og eksempel på det oldefaren hadde laga.
Aslak Gunheim fortalte om isskjering i bekken, lagra i sagflis, kjøling av mjølk ol., henging av tørrfisk i bekken til bløyting, store fisk i bekken som dei tok med hendene ein tørkesommer. Ved Fossheim verkstad, nå brent ned, snakka han om dei kreative karane som hadde laga river, rokkar, syskrin, konstruert «sag» som kunne lage not og fjær på tømmerstokkar, og viste hus som var satt opp på dette vis.
Steinar Sæland, Flåthaugen, viste rester etter kvenn og treskeverk i bekken.
Under matpause ved Flåthaugdammen fekk vi høyre om gardar som framleis hadde vassleidning frå dammen og om eit vaskebrett.
Ordet «tørkeriet» som grenda her blei kalla, fikk 3 forklaringar:
1. røyk ved tørking av korn til maling på kvenn
2. føyke ved tresking av korn eller
3. klesvask som hang til tørk i trea/snorer.
Nå gikk turen tilbake til Gunheim skule via Bergan eller via Kåsingrenda.
Takk for lærerik tur.



