Referat: Werna Gerhardsen : Jenta fra Løkka

Referent Gyrid Kvaale.  Foredrag i Gullbring 29. September 2025. 

Denne dagen fekk vi besøk av Sigrun Slapgard. Det blei litt problem med togtrafikken, så denne dagen tok vi mat og kaffe kl 11 og foredrag kl 12.05. Publikum tok endringa på strak arm! Over 100 i kinosalen!

Sigrun Slapgard si bok «Jenta fra Løkka» om Werna Gerhardsen var tema denne dagen.

Werna hadde ei eventyrleg historie. Ho var beundra og baksnakka og ho var forut for si tid.

Stod ho i med ein russar eller ei? Var ho kanskje ein spion? Mykje sladder var det omkring hennar person, til visse tider. Ho voks opp med ei åleinemor – Klara Rønning – fagorganisert dame. Ho vart oppkalla etter far sin Werner. Ho hadde lite eller ingen kontakt med han og familien hans. Dei som kjente Werna visste kva ho var laga av – ei stødig dame på alle vis. Ho blei ofte sett på sykkel. Mykje illegalt arbeid blei gjort ved hjelp av sykkel. Ho hadde ein klar leiarposisjon i partiarbeidet under krigen. Ho gjorde også ein stor innsats for barne– og ungdomsarbeidet i partiet under krigen. Ho lærte seg både morse og førstehjep.

Ho møtte Einar Gerhardsen då ho var 17-18 år. Han var 15 år eldre enn henne. Dei gifta seg i 1932. Ho fekk innpass i Einar sine gode kontaktar, starta Framfylkingen  – ungdomslag for AP-ungdom. Ho var aktiv i Norges husmorforbund, som ho meinte burde vera medlem av AP. Dette var Einar imot, han meinte Husmorforbundethøyrde til borgarleg side.

Werna  blei sjølv heimeverande husmor då Einar blei statsminister. Dette var ho kanskje ikkje heilt fornøgd med, men kompenserte ved å vera svært aktiv i styre og stell – skulestyret  og bystyret, og ho jobba for å lette arbeidet for kvinner slik at dei kunne bli politisk aktive. Ho kjempa for barn i alle samanhengar,, bl.a. som pådrivar for 9-årig skule Ho starta også opp arbeidet med Frambu, der målet i utgangspunktet var “å gi Oslo-barn muligheten til å reise ut i naturen og opp­leve fellesskap”.

Det blei etter kvart ei tøff tid i høve til sladder om ein russarkontakt. Store overskrifter i avisene, og mykje negativt blei sagt om Werna.

Dette får de lese vidare om i boka – løp og kjøp! Førr ei dame seier no eg!