Referat frå foredraget til Linn-Jeanethe Kyed

Seniorlæring måndag 28.april 2026, ref. Gyrid Kvaale.

Underholdning med meining! Positiv kraft! 

Kyed er frå Ulefoss og manusforfattar for bl.a. filmane Burning 1 og 2 og Rådebank sesong 1 og 2. 

Serien ligg framleis på NRK og lever sitt eige liv og var og er svært populær. 

Serien endar med at Sivert (ei av hovudrollene) tar sitt eige liv.  

Bodskapen i serien var/er: Er det mogleg å lage ein serie der unge folk vel livet gong på gong? Kan temaet i serien forebygge sjølvmord blant unge?  

Spørsmål: Kan serien eventuelt virke motsett? 

Forskning viste at 6-8 menn tar liv av seg kvar månad. 

LJK sin lillebror var i rånemiljøet og følte seg heime der. Far hennar tok livet sitt då ho var 14 år. 

Dette er bl.a. bakgrunnen for å lage ein serie om dette temaet.  

Verdas helseorganisasjon kom tilfeldigvis med nye retningslinjer for film og seriar i høve til sjølvmord. Kyed opplevde at ho var heilt på bærtur i høve til desse i den første planleggingsperioden. På bakgrunn av dette la ho om ein del i serien, slik at innhald blei i tråd med desse nye retningslinjene. Bl.a bestemte ho seg for å ikkje vise sjølvmord. Viktige kjensler som sinne blei lagt inn i rolla til Hege, i serien. Sjølvmord er ikkje løysinga. Serien prøvar å vise dette på forskjellige måtar. Snakke saman – gå til fastlegen bl.a.! 

Det var ein grunn til at desse retningslinjene kom, derfor viktig å bruke dei som grunnlag når ein jobbar med dette temaet. Veldig mange lærarar tok kontakt. Dei ville bruke serien i jobben med elevane. Viktig å få til ein motsett tankegang – kva mistar eg? 

Eit svært interessant og tankevekkande foredrag!