Endeleg er haustsesongen i Seniorlæring i Midt-Telemark snart i gang 🙂
Måndag 25. august kjem Lill Kristin Nilsen til oss for å snakke om framtidsfullmakt. Det blir orientering om lovverket, om kva ei framtidsfullmakt bør innehalde og om korleis ein kan utforme ei slik fullmakt sjølv.
Lill Kristin Nilsen er ein av «Advokatene Kåsa og Nilsen» med kontor i Bø.
Som vanleg er foredraget i Gullbring kl 11.
Og også som vanleg: Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.