Kåseri om krakket i Arendal og om boka Krakk / ved Guri Idsø Viken

Måndag 23. februak kl 11 i Gullbring blir det forfattarmøte med Guri Idsø Viken som har skrive boka Krakk. Det er ein roman lagt til slutten av attenhundretalet, bygd på historiske hendingar om svindel, klassekamp, kjærleik og svik. Boka har fått mykje merksemd og mange gode omtaler etter at den kom ut i fjor.

Utdrag frå forlagets bokomtale:

«Arendal, 1885. Seglskutene lossar varer i hamna. Krystallysekronene er blankpussa. Borgarskapet gler seg til det årlege maskeradeballet.

Den rike arvingen Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef og skipsreiar og eig halvparten av verksemdene i byen. For folk i Arendal er han vegen til velstand. Hangen hans til opium, gambling og yngre menn er ikkje like kjend.

Den unge revisoren Thomas Berntzen sit på banksjefens nabokontor og er heilt i hans vald. Når han finn feil i rekneskapen, er han redd for å miste både jobben og den store kjærleiken. Den einaste han kan dele uroa si med, er Agnes Mercier. Den elegante kvinna frå Paris driv kjolesalongen i byen, men skjuler både den skandaløse fortida si og Axels løyndommar. Så byrjar nettet å rakne.«

Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.

Meir informasjon