Seniorlæring i Midt-Telemark deler gjerne informasjon om om tilbod frå Den kulturelle spaserstokken! Det er som regel gratis inngang, og alle seniorar og andre interesserte i kommunen er velkomne på desse arrangementa 🙂
Alt fredag 7. mars kan du få med deg «Ei vandring i forfattarskapen og visene
til Halvor J. Sandsdalen frå Seljord», ein kabaret med skodespelar Hæge Manheim og
musikar Oddbjørn Aase.
Dei kjem til Hellos (kafeen) på Bø sjukeheim kl. 10.30 og Furuheim Bo- og aktivitetssenter kl. 12.00.
Neste arrangement er fredag 21. mars, da fortel tekstilkunstnaren Brita Been om veggteppet Vevd rosesaum som heng i foajeen på Bø sjukeheim. Det skjer i Hellos (kafeen) på Bø sjukeheim kl. 11.00.
Du finn plakatar til begge desse arrangementa, og også fullt program for 2025 for DKSS i Midt-Telemark under.
Om Den kulturelle spaserstokken:
DKSS skal bidra til profesjonelle kunst- og kulturopplevingar for seniorar. Det er fylkeskommunen som forvaltar ordninga, og deler ut tilskot til kommunane som gjennomfører aktivitetane. Årets program for Midt-Telemark er variert og godt. Dei aller fleste framsyningane er gratis. Alle seniorar og andre interesserte i kommunen er velkomne.