Måndag 29. januar kl 11 kan vi ynskje vel møtt til Gullbring og årets fyrste arrangement i regi av Seniorlæring i Midt-Telemark. Da kjem Stein Versto frå Vinje for å snakke om sambygdingen Tarjei Vesaas. Versto kallar foredraget sitt «Dei store gåtene og den gode viljen» fordi, som Versto skriv:
Tarjei Vesaas er ein diktar for dei store gåtene og den gode viljen. Det gåtefulle ved eksistensen renn som ein raud tråd gjennom forfattarskapet. Med eit uttrykk frå psykologien kan ein seia at han skriv seg inn mot det ubevisste.
Det nødvendige i å bruke god vilje i si innstilling til livet – å vilja det gode – kjem også tydeleg fram. Tarjei Vesaas understreka dette både i tale og sakprosa, og han skriv det inn i si dikting. Men dette arbeidet med den gode viljen er avhengig av evnen til å sjå skuggesidene i mennesket, ikkje minst våre eigne. Forfattarskapet til Vesaas er aktuelt til alle tider, ikkje minst i dag.
Versto fortel frå bøkene til Vesaas i lys av tematikken ovanfor, og les dikt og utdrag frå romanar av diktaren frå Vinje.
Stein Versto er forfattar, lyrikar, omsetjar og folkemusikar, og han har m.a. gått på forfattarstudiet i Bø.
Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikkje-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.