Oskar Puschmann: «Tilbakeblikk. Norske landskap i endring»

Medlemsmøte Gullbring, 28.03.22.

Oskar Puschmann er ein norsk landskapsgeograf og fotograf. Han har sidan 1994 arbeidet ved Norsk institutt for bioøkonomi. Bl.a. har han utført ei rekke refotograferingar basert på eldre landskaps­fotografi gjort av Axel Lindahl og Anders Beer Wilse. Dette gjer han ved at han oppsøker stadane der Lindahl og Wilse tok bileta, stiller seg opp nøyaktig på same stad og fotograferer på ny. På denne måten kjem forandringane i landskapet tydeleg fram. Tilbakeblikk på gamle fotografi viser landskapets historie og eit landskap i endring. Ei viktig årsak til endringar i landskap og vegetasjon er at ein gjekk over frå å fyre med ved til å fyre med strøm!

Eit fotografi viser at i april 1917 pløgde ein med to hestar opp åker i slottsparken etter ordre frå Kong Håkon for å kunne dyrke poteter til fattige i byen!

Manns minne er eigentleg kort, fotografia dokumenterer dette og den fantastiske reisa landet vårt har hatt! Fotografia viser oss også hendingar og situasjonar som aldri må bli gløymde. Eksempel på det er fotografi frå krigens dagar.

Fotografi av kjente bygningar og stader viste også landskapet rundt. Norge var så mykje vakrare før fordi det var så mange flittige hender til å halde det vakkert! Ikkje minst galdt dette jordbrukslandskapet! Ein felles bygdekultur gjorde at bygdene «gjekk i takt», men så kom tida da dei ulike bruka utvikla seg forskjellig og da forsvann denne fellesarven. Enkelte eigedommar grodde att medan andre vart vedlikehaldne som følge av fortsatt drift, om enn på ein annan måte. Det gjekk frå 100 000 til 800 aktive gardsbruk på ikkje så mange år. Der det er aktive bruk kan landskapet vera godt bevart og lite endra. Det einaste er at kantvegetasjonen har vokse seg høgare og dominerer litt meir for utsikta.

Anders Beer Wilse var den fyrste som tilrådde at det vart oppretta nasjonalparkar for å taka vare på visse landskapsartar!

Ein annan trugsmål mot landskapet er aukande utbygging av tettbygde strøk og nedbygging av jordbruksareal. Attgroing er reversibel, men det er ikkje nedbygginga. Utvikling og utviding av tettstader har akselerert. I 2001 budde 77 % av oss i tettbygde strøk. I 2017 var det 88 %. Det stiller krav til myndighetanes arealplanlegging!

Og så rokk han ikkje meir! Men finn fram gamle bilete og sjå om ikkje du au kan refotografere enkelte spektakulære stader! Lykke til!

                                                                                              Halvor Langåsdalen (ref.)