Referat ved Borghild Hardang-Hanto, foto: Kristian Hanto. Bilettekst: Nista er eten og dei siste reiser seg for å gå ut att i den litt hustrige maidagen.
Bjervamoen ‒ frå vatn til bane
Tysdag 12. mai var rusleturen lagt til Bjervamoen i Lunde. Forteljinga starta nær det gamle sentrumet, som låg på brinken over Bua-brygga og Kise-krambua bortunder Ova-kleiva. Kristian Hanto var tinga til å fortelja, og han fekk god og nyttig hjelp av fleire lokalkjende ruslarar.
Forteljinga om Bjervamoen er soga om eit bygdesentrum som flytta seg i takt med endringane i hovudkommunikasjon frå båt til tog, fekk ruslegjengen høyre. Bjervamoen, som på siste halvparten av 1800-talet var ein lite bygd furumo, berre med eitt og anna hus mellom trea, og eit småbruk.
Og på vegen frå Bua-området og opp til krysset var det mykje å hefte seg ved. Der var fyrste bakeriet til Waldenstrøm, Ova Hotell, gamleheimen, Laura Straumes utstyrsbutikk, Lunde pensjonat («Pensjen»), Lien møblar, telefonsentralen, Betel (opphavleg det fyrste ungdomshuset i bygda), og oppover forbi «Sirkustomta» og bakar Olaisen til der den gamle Bjervamo-stugo låg, og forretningar frå etterkrigstida med Raud-Ajer’n, Gvit-Ajer’n, Ova’n og Paradis’n (Aslaksen-brørne). Somme av bygga var borte, og somme hadde skifta bruk.
Aktiviteten hadde sige oppover frå nedre Bjervamoen etter som det blei kjent litt ut på 1910-talet at jernbanen skulle bli lagt i kanten av øvre Bjervamoen, mot Tøllahotten. Opninga av Lunde jernbanestasjon i 1925 blei den endelege stadfestinga av kvar det nye sentrumet i bygda kom til å ligga.
Rusleturen enda på det gamle småbruket Kåsa nede på Tøllahotten, no Lunde bygdetun. Her ønskte leiaren i Lunde sogelag Olav Leikvoll velkomen i det nye Strannahuset, og innat nista fekk dei frammøtte høyre historikken om dei ulike bygga på tunet, om Gjermund og Marie Rønningen som var dei siste brukarane på Kåsa, og om bruksplanane for staden frametter.