Referat frå kulturhistorisk rusletur på Nome videregående skole, avd. Søve, 15.9.2026

Tretten ivrige ruslarar møttest i duskregn ved det runde bordet på Søve, fram til 1968 kjent som Telemark landbruksskule, Ulefoss. Flokken blei godt tatt imot av rektor Arne Grave, og i framhaldet handtert av avdelingsleiar Atle Kjellevold Rød. Ønsket til ruslarane var å få høyre om skulens historie og dagens drift. Og det fekk dei.

Skulen var etablert som Bratsberg Amts landbrugsskole i 1893, slik den gamle fana i inngangen viser. Karane gjekk line for landbruk, og kvinnene gjekk etter kvart på husmorskule der ei tid, før denne husmorskulen blei flytta og blei Seljord husmorskule. Under krigen var det lasarett på skulen, som elles var sett under administrasjon dei åra.

I dag er Søve ein vidaregåande skule for naturbruk med ulike spesialiseringar, ei avdeling under Nome vidaregåande skule med totalt 500 elevar, og der om lag 200 av elevane går på Søve.

Første ruslestopp var om skogbruk. To av skulens elevar på lina for skogsoperatør demonstrerte øving og simulatortrening for lastberar, ei av fleire maskiner i skogbruket. Dei fortalde om faglege krav, om å ha skåre nok poeng på simulatoren for å kunne gå vidare i dette utdanningsløpet for skogbruksspesialiseringa innan naturbruk. Meir enn 90 % av dei uteksaminerte elevane på Søve kvalifiserer til studieplass på høgskole og universitet.

Neste stopp var Søve landhandel, skolens eigen butikk for lokalmat. Ein liten sjarmerande og populær sjølvbetjent butikk, flittig besøkt av både elevar og andre kundar med sans for kortreist mat.

Den gamle låven på Søve hadde endra funksjon. Skolens eigne elevar på byggfag frå avdelinga i Lunde var blitt nytta til dette ombyggingsprosjektet på Søve. Her var  nå nytt rom for agility-trening av hund, som er banetrening med hund og hundeførar. Linefaga for hund var presentert som det klart mest veksande linevalet for elevane på Søve.

Hestelina er framleis eitt av Søves linetilbod. Der går hestetreninga også føre seg inne på den store svarte ryggen av ein hestesimulator.

Nista blei eten inne i skulens lune kantine med prating, smil og glade fjes. Rektor og avdelingsleiar blei takka for god synfaring med ei flaske eplemost. Og ruslerane frå Midt-Telemark seniorlæring er nå inviterte tilbake i lemminga til våren.