Referat frå kulturhistorisk rusletur – Sletteliberga

Referent: Halvor Gåra.
Rapport frå Slettelituren i Liheia tysdag 16.9. 25. Start i 11-tida frå Bryggefjellparkeringa. 22 møtte fram i godt, overskya ver utan regn.

Fyrste stopp var Sletteli som frå 1812 hadde vore husmannsplass fram til professor Olav Midttun fekk kjøpt Sletteli 1923. Turleiaren fortalte kort om husmennene som sleit og streva her før dei bytte plass eller drog til Amerika.  Midttun, som både var professor i språk og litteratur og kringkastingssjef både før og etter krigen, var Telemarkspatriot. Han fekk i 1923-24 flytta Nordbøstugu opp hit og bruka staden mykje. Ei dotter, Anita,  vart gift inn i Midtbøfamilien i Bø, og Sigrunn i Høgetveitfamilen i Vinje. Etter at Midtun døde i 1972, blei Sletteli fordelt mellom arvingane som nyttar plassen som feriestad.

Turen gjekk så til Sletteliberga der termos og matpakke kom fram. Utsynet er herifrå det beste ned mot Bøbygda, men denne tysdagen prøvde tåka å hindre oss frå å sjå Bøherad frå si beste side, men litt såg me. Etter maten bidrog turleiaren med å lesa Midttuns målande skildring av Lifjell sett frå ulike kantar.

Turen vidare gjekk til Kolahuset og Slåtta, to husmannsplassar som også var folkesett på 1800-talet. Namna fortel at her har ein brent kol og her var slåttemark før husa kom opp. Gunleiv Brukås bidrog med lokalhistorie frå desse og andre plassar i området. Det var slit og fattigdom og mange drog til Amerika. Det gjorde også sonen Eilef, men han kom tilbake til Porsgrunn og Bø, og det er han som skar ut den fyste altartavla i Bø kyrkje.

Som medlem av Bålgjengen tok turleiaren gruppa med til Bålplassen ved Smærstulbekken. Her møtest 10-12 karar jamleg til kaffe og prat ved bålet. Fleire meinte at dette var eit særs godt tiltak for gamle mannfolk, både fysisk og mentalt.

Ved tømmervegen som førte tilbake til bilane, ligg Skyttarsteinen som var lagleg å ligge bak om ein kunne få lokka vilt på skothald. Turleiaren prøvde også å vise at denne steinen kunne brukast til klatring, eller buldring som det heiter på fagspråket, om ein har ungar med.

Turleiar og kjentmann Halvor Gåra