Referat kulturhistorisk rusletur – Bø gamle kyrkje og Nordbøgardane.

Tysdag 20. august 2024.

Det var 22 stykker som kom for å høyre Finn Rønning fortelje om Bø gamle kyrkje. På grunn av dårleg vermelding, hadde turleiar og kjentmann blitt einige om at orienteringa om Nordbøgardane også skulle gå føre seg i kyrkja, og at dei som ville kunne rusle ein tur bortover mot gardane etterpå.

Etter mat og kaffi fortalde Rønning litt om dei fem Nordbøgardane (tre ligg langs Gregars veg og to «over bekken» langs Nordbøvegen) og nokre av folka som har budd der gjennom tidene, m.a. Gregar Nordbø, sogeskrivaren og Knut Nordbø, aviskorrespondent og ihuga fråhaldsmann. 

Sidan regnet kom seinare på dagen enn Yr hadde varsla, blei det ein gjeng som tok turen bortover Gregars veg etter orienteringa i kyrkja. 

Britt Haugland/ref

Her er Finn Rønning si oppsummering av orienteringa om kyrkja:

Omvising i Bø gml kyrkje 21.08.2024 v. Finn Rønning
Ved kyrkjelova av 24.09.1859 blei det slått fast at storleiken på kyrkjene skulle stå i eit visst forhold til folkemengda i bygda. Kyrkja i Bø skulle etter det ha plass til 500 menneske, men den gamle steinkyrkja, vigsla til St. Olav,  kunne bare romme 300.

Kyrkjesaka i Bø blei første gong handsama i 1852, men endeleg vedtak om bygging av ny kyrkje blei først fatta i 1867. Heradstyret gjorde samtidig vedtak om at Gamle-kyrkja skulle rivast.
Gunnulv Borgja d.e. meinte det var heilt gale at det gamle Gudshuset skulle rivast. Han tok kontakt med klokkar Iver Gundersen på Grauteknapp og andre sentrale personar i bygda.
23. august 1875 fatta heradstyret vedtak om at Gamle-kyrkja kunne bli ståande om taket blei tekka av friviljuge bidrag. Kostnaden med å tekke taket blei sett til 300 spd medan det blei samla inn 462 spd. Den 14. februar 1877 var vedlikehaldet av Gamle-kyrkja ferdig.

 Inventar frå mellomalderen som blei funne i kyrkja under restaureringsarbeidet:

-Smidd ljosekrone frå mellomalderen. Tradisjon om at ljosekrona er smidd av myrmalm frå Jønnbu.
-Krusifiks frå mellomalderen blei satt i stand og hengt opp på sin tidlegare plass over kor-bogen.
-Antemensale plassert på alterbordet, med bildemotivet som var vendt inn, blei hent opp på nord-veggen i kyrkja.
Fortidsminneforeningen  ville ha disse gjenstandane til museet i Oslo. Det var bygdefolk ikkje einige i og samarbeidet med Fortidsminneforeningen blei avslutta da.

 -Gamal kyrkjestol frå 1579, plassert i koret, hadde skapt gnissingar i tidlegare tider. Både prestefrua og ei kvinne frå Folkestad meinte dei hadde rett til stolen. Det blei rettssak og prestefrua vann saka
-På begge sider av alteret er det rebusliknande innskrifter. Ni innskrifter i alt.
-Altertavla frå 1659 har tre «etasjar» med m.a. Jesu dåp, Kristus på korset og Adams ofring saman med Paktas ark.
-Det er to repositorer i koret der alterkara og andre kar til røykels og vievatn blei plassert.
-To sidealter. Her har det vore ein Maria-figur på nordsida og vernehelgenen til kyrkja, St. Olav, på sørsida.

Overgangen frå romersk-katolsk til luthersk messe førte til endringar i innreiinga. Det kom inn benkar, altertavle og preikestol.

Folkeauken i bygda førte til bygging av galleri på 16-1700 talet. Innføring av salmebøker gjorde at det blei utvidingar av dei gamle vindauga. 

I år 1659 hadde kyrkja fått det inventaret ho hovudsakleg har i dag. Bø kyrkje har derfor eit av dei best bevara renessanse-interiøra i noko norsk kyrkje.