Gullbring 23/2-26, frammøtte 142 personar, referent Gyrid Kvaale.
Krakket i Arendal rundt 1880-85 er bakgrunnen for boka. Arendal var på denne tida Norges rikaste by. Seglskutebyen handla stort med resten av verda bl.a. med seglskuter, eiketømmer og øl. Byen var full av flotte butikkar med luksuriøse varer frå verda utanfor Norge. Folk hadde pengar og bruka pengar. Aksel Herlofson var bankmann, eigde bryggeri, båtbyggjeri, seglskuter og butikkar i byen. Over halvparten av Arendals innbyggarar hadde pengane sine i bankane til Aksel Herlofson. Det var mykje misleghald i bankdrifta hans og dette førte til det store krakket i Arendal, der fleire tusen mista jobben. 12 000 000 kr blei borte over natta. 3-5 milliardar i dagens verdi. Verknadene for Arendal har blitt samanlikna med nedbrenninga av Finnmark og Svartedauden. Hendinga hadde innverknad på økonomien i Arendal i over 100 år. Største svindel og bankran i norsk historie. Mange emigrerte til Amerika og flytte til andre plassar for å finne arbeid.
Alt dette kan du lese om, i romans form, i boka Krakk. Her møter du Aksel Herlofson, to fiktive personar – Agnes som dagleg leiar i ein fasjonabel butikk eigd av Herlofson og Thomas som Herlofson sin revisor – pluss mange fleire. Revisorjobben var på denne tida ein stilling i banken. I dag er dei sjølvstendige. Dei passar på at pengane er rett ført og skal ev avsløre feil. For Thomas blei dette eit stort problem etter kvart. Alt dette kan du lese meir om i boka.
Aksel Herlofson hadde gode arbeidsforhold for arbeidarane sine. Det kan vera ein årsak til at Det Norske Arbeidarparti vart grunnlagt i Arendal i 1887. Der hadde også kvinner stemmerett.
Det var boksal ved Bø bok og papir.
Sagt om boka:
«Fascinerende om norgeshistoriens største konkurs.» Maria Årolilja Rø, Adresseavisen (Terningkast 5)
«Strålende om hvordan én hvitsnippforbryter ruinerte en hel by. (…) Boka er heldigvis mest inspirert av den sanne hendelsen, og er raus med krydderløgnene, for ellers kunne den fort blitt kjedelig. Det er den aldri.» Steinar Brandslet, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)
«Strålende underholdning! «Krakk» er en skikkelig kraftpakke av underholdende og spennende ingredienser. (…) Det er snakk om ekte underholdning. Uten mothaker, men med masse energi og smarte overganger. Selv om vi vet hvordan det ender med Arendal og Herlofson selv (…) – så blir vi fanget av den litterære dynamikken Viken klarer å skape. (…) Guri Idsø Viken viser seg uansett som en fremragende forfatter. Og hun skaper troverdige miljøer og tidsbilder ved hjelp av presise interiører og omgangsformer. Til og med erotikken får hun til! (…) Det er kort sagt fremragende gjort!» Sindre Hovdenakk, VG (Terningkast 6)