“Smertemysteriet” med Audun Aas 25. oktober

Audun Aas er pensjonert overlege i anestesiologi ved Sykehuset Østfold. Han har vore spesielt oppteken av fenomenet smerte og smertebehandling. I 2018 ga han ut boka «Smerteboken – fra vondt til bedre».

Han starta foredraget sitt med å stille spørsmåla: «Kvifor opplever vi potensielt smertefulle hendingar så forskjellig? Korleis kan ein vera alvorleg skada, men smertefri? Korleis kan ein ha sterte smerter utan at ein finn noko galt? Kvifor er Norge på smertetoppen i Europa?»

Noko kom han med svara på, noko er framleis ei gåte.

Aas delte smertene inn i tre hovud-grupper: Skadesmerter, nervesmerter og langvarige, eller kroniske smerter.

Skadesmerter er alle kjent med. Dei skuldas faktisk skade eller trugande skade. Det er lett å forstå samanhengen, og dei kan i utgangspunktet alltid behandlast, som til dømes etter kirurgiske inngrep.

Men opplevinga av smerte, smertefølsomheten, er ulikt fordelt i befolkninga. Den er eit  upresist omgrep, av di den berre eksisterer i hjernen! Sjølv om skadesmerter alltid har ei årsak, enten ein finn den eller ikkje, så er smerteopplevinga svært individuell. Smertefølsomheten er eit uttrykk for hjernen og ryggmargens evne til å regulere, hemme eller forsterke smertesignala. Den er individuell, og fører til underlege fenomen. I krig har ein sett soldatar med svært alvorleg skade utan opplevd smerte. Nokre kan ha store artrose-forandringar i kneledd, utan opplevd smerte, medan andre kan oppleve smerter i heile kroppen, utan at ein er i stand til å påvise nokon objektiv årsak til dette.

Smertefølsomheten er påverka av arv (som bestemmer ca. 50 % av smertefølsomheten, og som ein lite kan gjera noko med!), kjønn (kvinner som gruppe opplever meir smerte enn menn). Dårleg søvn, overvekt, røyking og lågt fysisk aktivitetsnivå aukar smertefølsomheten. Det same gjer tidlegare smerteerfaringar. Tidlegare opplevd smerte gjer altså ikkje at ein «toler meir», snarare tvert i mot! Kroppen har ein formidabel evne til å påverke smertesignala, både forsterke og hemme. Dette er individuelt, og det er aldri eit eintydig forhold mellom skade og opplevd smerte.

Den andre typen smerte er nervesmerter. Dei skuldast sjukdom, skade eller annan påverknad av smertebanene. Eit klassisk eksempel er isjias-smerter. Dei skuldast klem på nerver i ryggen, og opplevast som smerte nedover i beinet.

Den tredje typen smerte, langvarige/kroniske smerter, synes å skuldast sviktande evne til å hemme smertesignal. Nokre trekk ved langvarig smerte: Smertene er dei same, uavhengig av årsak/diagnosar. Det er vanleg at dei gjer pasienten ei oppleving av utmatting/depresjon og vanskar med konsentrasjon og å hugse. Ein er ikkje utkvilt om morgonen, og har ofte hovudverk og magesmerter.

Det fører tanken inn på om dette kan vera ei og same liding? Kan det vera at «volumknappen» stend på «full styrke»? Mange opplever forsterka sanseinntrykk, er lyd- og lysfølsame, og opplever ofte meir biverknader av medikamenter.

Norge (og Island) er på Europatoppen, ved at ca. 30 % av befolkninga opplever slike smerter. Mot ca. 18 % i Sverige! Kan vi og islendingane ha felles og uheldige genar? Kan det skuldas kosthald og/eller vitaminmangel? Ved skjørbuk, som skuldast alvorleg mangel på vitamin C, er sterke kroppssmerter typisk! Kan det vera kulturforskjellar? Eller noko anna?

Stein Husebø, spesialist i smertebehandling, slår fast: “Smerte er alltid fysisk og psykisk

Smerte er alltid fysisk, den går føre seg i kroppen og det er alltid påviselege forandringar, også ved såkalla «uforklarlege» lidingar. Men smerte erfarast berre i hjernen, og er dermed   alltid også psykisk!

Dermed er det også plass for psykologien! Smertepasientar har oftare enn gjennomsnittet i befolkninga opplevd omsorgsvikt og overgrep. Angst og depresjon er vanleg, men oftast på grunn av smertene. Men: Forskinga har ikkje kunne påvise årsakssamanheng mellom psykiske vanskar og smerter! Derimot kan psykiske vanskar gjera det vanskeleg å behandle smertene, ettersom dei psykiske vanskane og smertene må behandlast samstundes. Langvarige smerter kan føre til passivitet, isolasjon, tap av nettverk og uheldig bruk av medikamenter. «Livet blir sett på vent!»

Kva så med oss eldre, seniorane? At kjønnsforskjellane utviskas med alderen kan vera ei trøyst for kvinnene. Dei aller eldste av oss synes å ha mindre vondt. Kanskje kan det skuldast at vi justerer ned forventningane, både til eit smertefritt tilvære og til effekten av behandlinga. Har vi kanskje blitt klokare eller meire tolsame med åra? Eit problem er likevel at medikamenter mot smerter har uheldige biverknader, spesielt hjå eldre. Dei kan føre til trøyttleik, til svimmelheit med tendens til å falle, og til forvirring. Dertil kjem at mange eldre får fleire medikamenter samstundes og det gjer situasjonen enda verre. Multimedisinering er alltid risikofylt.

Til slutt kan eg, for eiga rekning, tillate meg historia om den gamle kona som sa: «Eg gjeng regelmessig til legen min, for han skal jo leve av det. Så gjeng eg til apoteket og kjøper medisinane legen har skrive ut, for apotekaren skal jo også leve. Og så gjeng eg heim og kastar medisinen i do, for eg skal jo òg leve!»

Og hugs den ultimate trøysta: Kjenner du at du har vondt ein stad, så er du i alle fall sikker på at du lever!

                                                                                               Referent: Halvor Langåsdalen