Tur langs Sogevegen – Flatdal og Hjartdal

Det var full buss – 50 stk – på tur i strålande haustver frå Bø stasjon tysdag 15. oktober. Halvor Langåsdalen var entusiastisk og kunnskapsrik turleiar som guida oss langs vegen.
Turen gjekk frå Århusmoen langs Flatsjå til utsiktspunktet Langjordet/Åse litt forbi Nutheim. Derifrå gjekk vi til Nutheim for lunsj, og i tillegg til god mat gav også Solveig Barstad oss ei orientering om historia til gjestgiveriet. Etter lunsj køyrde vi via Svartdal og Ambjørndalen til Kulturlandskapssenteret i Gamleskulen i Hjartdal. Der fekk vi både orientering om arbeidet ved senteret og eit par songar ved dagleg leiar Ingvill Garnås. Returen til Bø gjekk gjennom Mælefjelltunellen.

Turleiaren hadde laga eit fyldig tursamandrag som du kan lese her:

Langs Sogevegen. – frå Århusmoen til Hjartdal gamle skule.

Tur med Seniorlæring i Midt-Telemark

Dette er eit lite resymé av noko av det vi vil kunne sjå og høyre om på turen 15.10.24. Meir bør de lesa i boka til Ånond Versto!

Me startar på Bø stasjon, men sogeturen startar fyrst på:

Århusmoen. Her tek i dag E134 av inn i Mælefjelltunellen, men me skal fylgje den gamle vegen om Flatdal som i dag heiter FV3420. Sogevegen fylgjer stort sett denne til me kjem til Svartdal og Ambjørndalen. Langs sogevegen har kunstnaren Ånond Versto laga fleire skulpturar som me skal legge merke til!

Her, ved garden Århus, møtes Vallaråi frå Flatsjø, eller Flatsjå, med Grunnåi som kjem ned frå Grunningsdalen. Grunningsdalen er dalen som skil Mælefjell og Lifjell. Øvst i denne dalen låg etter segna garden Heddeli der Guro Heddeli rådde. Jørund Telnes har gjort Guro Heddeli levande gjennom sine mange dikt om henne. Dikt som har blitt ein viktig del av bygdevisene frå Seljord. Guro var ei særs rik og vakker jente som lova seg bort til plassguten Tore Smylimoen, men som sveik han for ein rikare ein.

Flatsjå har bygd seg opp som eit resultat av at Grunnåi har ført med seg masser frå Grunningsdalen og lagt desse att der ho møter Vallaråi. Flatdøla, som kjem frå Åmotsdal og renn inn i Flatsjå frå nord, la att massane sine og skapte Flatdals-øyan. Her hadde gardane nede i Flatdal sine slåtteteigar og utløer. Det er vel berre ei utløe som er teken vare på i dag.

Frå vestsida av Flatsjå ris Skorve opp. Der ser me fyrst Spådomsnuten. Denne nuten skal i fylgje spåkvinna Sibylla, falle ned i Flatsjå den dagen 3 systrer vert vigde samstundes i Flatdal kyrkje. Når det skjer, skal vatnet stå så høgt at ein kan binde pråmen fast i dynneklinka på garden Åse! Så  mykje vatn er det nok ikkje i Flatsjå, men fantasien er god!

Nord for Spådomsnuten ser me Gygretråppin. Dette var «tråpper» som gygra Tårån fekk mannen sin til å tråkke opp etter at ho hadde snubla på veg heim att til plassen sinn, Gygrehola, i Skorve! Det var tri gygrar, systrar, i området. Tårån som budde i Skorve, Glima som budde i Rjupedala i Mælefjell og Signe, eller Ljose-Signe, som låg i Bindingsnuten og lydde på kyrkjeklokkene og messa i kyrkja. Spelemannen og bøheringen, Torkjell Haugerud har gjort denne segna, som Jørund Telnes har skrive om, udøyeleg med dei tre lydarslåttane, Tårån i tråppin, Glima og Ljose-Signe.

Mellom Spådomsnuten og der tråppin til Tårån ligg, høgt opp i fjellsida, finn ein restane etter eit hus som vart kalla Einhento. Der budde ein mann som hadde fått eine handa avkappa, truleg dømt for tjuveri, så han var «einhendt». Ingen enkel veg opp dit for ein mann med to hender heller!

Mot Flatdal «sentrum» passarar me Sundbø-gardane. Den fyrste på høgre sida var det «Gullmannen», Halvor Sundbø, som kjøpte etter at han kom rik heim frå Australia! Den nørdste, på venstre side av vegen, var i si tid «gamleheim» i Flatdal.

I «sentrum» ser me, Delsobilen, «skulpturen» til spanjolen Pedro Delso Rupérez. På andre sida av Flatdøla ligg Flatdals-landsbyen med 5 gardar i ei klynge. Der ligg også kyrkja, «Zackarias-kyrkja», bygd etter pådriv av presten Zackarias Skanke, av di han fraus så i den gamle. Vinden utanfrå Flatdalsøyane dreiv gjennom dei glisne veggane og blæs ut altarljosa!

Me kan ikkje forlate Flatdal utan å nemne dei svært gåverike Smedal-spelemennene. Faren var frå plassen Smedal under Groven i Åmotsdal og var lærar og klokkar i Flatdal. Grandonkelen var Håvard Gibøen, så genane var på plass! Eilev vart kirurg (og kom heim for å amputere beina til faren på grunn av koldbrann) og broren Harald vart sheriff «der over»! Gunleik spela inn plate med slåttar i Chicago! Heile familien flytte etter kvart til Amerika.

Så startar me på stigninga opp «lina», vegen som erstatta dei bratte  Åsebrekkene. I Nutheim-svingen tek vegen til Mandal, Langlim og Åmotsdal av.

Nutheim, som har namnet sitt frå den «uanstendige» Bindingsnuten der Ljose-Signe låg og lydde på kyrkjeklokkene og salmesongen i Flatdal kyrkje, er eit stort kapittel for seg. Det overlèt me til dei som driv gjestgiveriet i dag og som serverar oss ein lunsj på vegen! Men før det har me vore oppom den nye utsiktsplassen ved avkøyrsla til Åsmundsens bakeri. På vegen ned att til Nutheim passerer me  «kongesteinane» med navnetrekka til Prins Oscar, seinare kong Oscar den andre av Sverige og Norge, og kong Harald og dronning Sonja. Prins Oscar skal ha uttalt at dette var den vakraste utsikta han nokon gong hadde sett! Det står skrive på steinen!

Etter god mat og pause, krabbar bussen opp bakkane mot Svartdal over Vadder.

I Svartdal stoppar me for å sjå opp mot Blika gruver, gullgruvene i Svartdal som var i drift heilt fram til krigen braut ut i 1940. Gullet i Svartdal vart funnen i 1880 av svartdølen Halvor K. Svartdal som arbeidde i eit fransk selskap som dreiv gruver i Bamble og Kviteseid. Samla vart det, på desse 160 åra teke ut 165  kg gull, ikkje meir enn ein kan få plass til 8 mjølkekartongar! 300 kg sølv, 25 tonn vismut og 80 tonn kopar var «biprodukt».

I Ambjørndalen sto slaget i «Bondeopprøret» der bøndene reiste seg mot kongemakta og gruveselskapet. Dei hadde kyrkja, som hadde misst skatten til kongen, med seg, men det hjelpte lite. «Rettssaka» stod ved Holm kyrkje, våpena vart gravne ned i Bogalia og fem leiande bønder vart halshogne. Ein sjette bonde vart au dødsdømt, men berga livet ved å ta på seg oppgåva som bøddel.

I ytre enden av Ambjørndalen tek me over Gutehushaugen forbi Hovland og til den tidlegare prestegarden Holm. Det store våningshuset i Nedre Holm (Prestegarden) vart fyrst delt og halvparten vart til Skogheim hotell og den andre havparten teke ned og flutt til Nutheim der den er reist og restaurert! I Øvre Holm finn me Risvoll-loftet frå før 1400-talet. Me skal opp til gamleskulen og høyre Ingvill Garnås, som eig og bur i Ambjørndalen, fortelje om det unike Kulturlandskapssenteret i Hjartdal og det avsluttar turen.