Tur til Vihus – referat frå kulturhistorisk rusletur

Turleiar og referent: Halvor Gåra – Kjentmann: Gunleiv Brukås 

Tysdag 11. juni møtte 28 turkledde midt-telemarkingar opp ved Frivilligsentralen i Bø for å delta på

fellesturen til Vihus. Grunneigar Eirik Idland Knatterud var svært positiv og hadde lånt oss nøkkel til bommen så vi kunne kjøre heilt fram.    

Framfor stulsbua fortalte turleiar Halvor Gåra litt om historikken til Vihus og  bruken av   eigedommen i gammal og ny tid. Vihus har hatt fast busetnad, vore i privat eige før og nå, men også i fleire hundre år vore ein del av prestegarden, Holmen,  i Bø.  

Arne Baugerød, som hadde vore skogbrukselev ved Søve på 1960-talet, mimra litt om opphaldet her den gongen då dei låg her oppe og hadde praksis.

Gunleiv Brukås, som var med som kjentmann og lokalhistorikar, sa også litt om Vihus i gamal tid. Dette blei det meir om oppe ved Vihusvollane, ca 500 m opp skogsvegen, der ein ser tufter etter den gamle husestaden. Her fekk vi høyre segn og soge frå eldre tider som har levd på folkemunne, men også skrive ned av Olav Nordbø, Stian Henneseid, Bøsoga, og Johan Fredrik Hoch, som i si tid laga eit lite hefte om Vihus. Sentralt i tradisjonsstoffet sto Vetle Vihus som var så rik at han kunne sko hesten med sølv og betale presten for å ikkje starte messa juledagen før han var på plass i kyrkjebenken.  Dette siste fekk turleiaren til å påpeike likskapen med Guro Heddeli i Grunningsdalen, og han framførte derfor eit par vers frå Guro rid til ottesong.

Turen blei avslutta i solveggen framfor stulsbua, der det smaka med kaffe og medbrakt mat. Gunleiv og fleire formidla meir av lokalkunnskap om Vihus, Lifjell og heiområda mellom Lifjell og Bryggefjell, før vi lasta opp bilane og trilla mot bygda.