Kulturhistorisk rusletur: i området ved Bø gamle skyttarbane på Nordbøåsen

Tysdag 13.mai. Turen startar kl.10.30 frå Bø frivilligsentral for samordna køyring dersom ikkje anna blir opplyst. Som oftast avsluttar vi før kl. 15.00.

For dei som møter direkte: Parkeringa ved Bø tråvbane kl. 11.00.

Dette blir ein rundtur med kjentmann og eldsjel Augon Eika. Han har vore ei drivkraft for å få til dette aktivitetsområdet som mange nyttar seg av året rundt.  Her er tråvbane, lysløype, skiskyttaranlegg og skileikbakke. Augon vil også fortelje om skyttarbanen som låg her i mange år, men som nå er nedlagt.

Meir informasjon om turen

Halvor Gåra er turansvarleg, og som vanleg: Turen er gratis og open for alle, og hugs mat/drikke, sitteunderlag og godt fottøy 🙂