Årets juleavslutning – påmelding

Da er det opna for påmelding til det tradisjonelle julebordet vårt, som går av stabelen 15. desember kl 12.00 på Bø hotell. Det blir kåseri og julelunsj! Absolutt siste frist for å melde seg på er 25. november, men vi sett stor pris på om du gjer det så fort som råd. Vi kan garantere eit arrangement med humor og god mat – underhaldninga er det Halvor Kleppen som står for, medan hotellet står for maten.

Program:
Kåseriet med Halvor Kleppen bygger på visa til Per Sivle og heiter: «Å, kunne eg fara til Telemark!»  : Skrøner, historier, dikt og datt i ei smilande blanding.

Etter kåseriet blir det mat, taffelmusikk, allsang, god prat og utlodding!

Prisen for det heile er kr 560,- for medlemmer og kr. 660,- for ikkje-medlemmer. Du er altså hjarteleg velkommen til å ta med ein venn!

Påmelding skjer ved innbetaling: Bruk helst VIPPS 57 48 10 med namn på dei påmelde. (Elles bruk bank-konto 2630.30.26095.)

Meir informasjon