Referat frå foredrag 29.01 2024
Referent: Hæge Straand Sunde
Stein Versto: Dei store gåtene og den gode viljen. Om Tarjei Vesaas og forfattarskapet hans.
Tarjei Vesaas var fødd 1897 i Vinje. Han var odelsgut og skulle ha overteke garden. Vesaas var frå ein lesande familie og han blei glad i litteratur. Han byrja å skrive som ung, og foreldra skjøna det var det han ville. Broren kom då heim og tok over garden.
Fyrste boka Vesaas gav ut, var “Menneskebonn” i 1923. Seinare skreiv han omtrent ei bok kvart år. Han fekk straks kunstnarstipend og på 20-talet heldt han seg mykje i utlandet. Seinare møtte han Halldis Moren frå Trysil, og dei blei eit par. Det var visst Mikkjel Fønhus som førte dei to saman.
Vesaas er ein diktar for dei store gåtene og den gode viljen, men han ser og skuggesidene i mennesket.
Kimen: Boka er skriven heilt på starten av fyrste verdskrig, men Tyskland er ikkje nemnd. Boka er likevel ein tydeleg krigsroman. Det handlar om når ein mann blir gripen av det vonde, av hat, så fylgjer dei andre etter som ein mobb. Det resulterer i grufulle handlingar, og drap. Ein av mennene ser dette og samlar alle på låven, og ber dei tenkje gjennom det dei har vore med på. Vesaas snakkar då om skuggen som me har i oss, den ondskapen som me helst ikkje vil vedkjenne oss. Vesaas meiner det etiske sinnelaget må vere ei rettesnor for alle menneske, “ondskap må ikkje tolast”.
Etikken må vere overordna kunsten. Vesaas sjølv kom alltid med noko positivt å sei om alle, og slik tok han til motmæle om nokon blei baktala.
Fuglane: At Vesaas ikkje alltid var gravalvorleg ser vi i boka om Mattis Tusten. Mattis var ein djupt tenkjande, noko evneveik poet. Han bur saman med systera Hæge, og blir forsørgd av ho. Tusten har alltid vondt samvit for at han ikkje kan hjelpe med arbeid og inntekt. Han seier : “Kvifor er det slik det er”. Og han lurar: “Det er knapt at andre har slike tankar som meg“. Mattis har og litt lysare tankar, men “ein tenkjer ikkje på jenter midt i veka“. Mattis lever med, og les naturen, veldig oppteken av rugdetrekket, og han er livredd i torever.
Vesaas siste roman var Båten om kvelden. Her ser han på eigne mentale prosessar, – dei store gåtene. Og når dette blir gjort med glitrande forteljarkunst, og av ein klok person blir det interessant å lese. – Så langt er det mogeleg å gå – lenger kjem ein ikkje- Men vi kan fabulere om det som er utanfor. Å ta del i slike fabuleringar og tankar gjev oss mykje som lesar.
Til slutt nemnde Versto at språket til Vesaas nok var farga av Vinjedialekten.
Han avslutta med å lese diktet Båten og fisken.
Bø 31.01 2024
Hæge Straand Sunde, referent