Gruppa for kulturhistoriske rusleturar treng folk!

Som mange er kjent med, og har hatt glede av, så har Seniorlæring ei gruppe som organiserer kulturhistoriske rusleturar. 

For å lage eit variert og interessant tilbod, er det ynskjeleg å ha med representantar frå ulike delar av kommunane våre i denne gruppa, gjerne minst ein person frå kvar av dei gamle kommunane, Ulefoss, Lunde, Sauherad og Bø, men det har vore vanskeleg å finne folk som vil eller kan bli med.

Nåvereande styre for gruppa Kulturhistoriske rusleturar består av tre, ein frå Lunde og to frå Bø. Nå vil ein av dei to frå Bø gjerne ha avløysing. Kan du tenke deg å trå til?

Oppgåvene til styret er å planlegge turar, tre om våren og tre om hausten. Som namnet seier, skal det helst vere rusleturar med kulturelle og/eller lokalhistoriske innslag. Turane skal variere mellom kommunane.

Det er som regel to møte i året, eit før styret i Seniorlæring skal sende ut vårprogrammet og eit før dei skal sende ut haustprogrammet.

Medlemmene skal da gjerne kome med framlegg til tur i sin kommune og evt. person som kan vere kjentmann/forteljar. 

Er det nokon som kan tenke seg å bli med i styret, eller har de forslag til folk vi kan spørje?

I så fall, ta kontakt med ein av desse:
Borghild Hardang Hanto tlf. 478 65 635
Halvor Gåra                         tlf. 905 62 953
Margit Sudbø                      tlf. 975 46 129

Og OBS! har du tur- og kjentmannsforslag, så blir det også mottatt med takk!