Den dramatiske historia om etableringa av høgskulen i Bø, og korleis den har utvikla seg vidare

Referat frå møte 29.11.21.

Frå føredrag av psykolog Sigrid Straand og professor emeritus Olav Rovde

Sigrid Straand starta med å fortelje om bakgrunnen for at det vart etablera høgskule i Bø. Utgangspunktet var ei tilråding frå den såkalla «vidareutdanningskomiteen», den såkalla «Ottosenkomiteen», som i perioden 1966-1968 la fram tre store innstillingar om behovet for utbygging av postgymnasial utdaning i Noreg. I tillegg til dei fire eksisterande universiteta, vart det føreslege å etablere åtte «regionale postgymnasiale studiesentra», som nokså raskt vart til «distriktshøgskular», der Telemark var ein av desse.

I Telemark rekna politikarane i fylket og i Grenland det som sjølvsagt at Telemark sin DH-skule skulle ligge i Skien. Det vart nedsett ein komité (!) med sju representantar der seks gjekk inn for Skien og ein, Halvor Dalene, rektor ved gymnaset i Bø og målmann, var den einaste som gjekk inn for Bø. Han fekk ingen andre med seg, sjølv om han strekte seg til å forslå ei delt løysing med Skien. Det såg nokså håplaust ut, men da hadde ein ikkje rekna med målrørsla og studentane. Våren 1968 vart «Aksjonsnemnda for distriktshøgskulane» stifta, med utgangspunkt i studentmållaget ved Universitetet i Oslo. Der var Sigrid Straand sentral! Ho var medlem av denne Aksjonsnemnda og seinare leiar av «Telemarksaksjonen»! Dette var i ein periode med stor politisk aktivitet i studentmiljøet, til dels svært radikal, der ein stort sett var imot det meste etablerte! Aksjonsnemnda og Telemarkaksjonen var for distriktshøgskular og det vart ikkje sett på som greitt i studentmiljøet å vera for noko! Ein skulle vera mot!

Aksjonsnemnda og Telemarksaksjonen satsa på informasjon og opplysning. Dette var før internett og SMS, det gjekk i manuell skrivemaskin og spritduplikator! I Telemark tok stortingsmennene Hallvard Eika og Aslak Versto eit initiativ for å få til ei delt løysing med Bø som ein del av lokaliseringa av distriktshøgskule i Telemark, men også den var nedstemt i fylkestinget!

Sigrid Straand var ikkje berre sentral i studentmållaget og Aksjonsnemnda, ho var og styremedlem i Senterstud, altså studentorganisasjonen tilknytt Senterpartiet. Det galt å påverke Storting og Regjering, men det var ikkje like lett å sleppe til. På Stortinget vart dei representantane som gjekk inn for Bø instruerte i å fordele seg på ulike bord i stortingsrestauranten og såleis prøve å overtyde «tvilarane»! Sigrid sjølv stod opp kl. 05.00 for å sitje framfor kontordøra til statsminister Per Borten kl. 06.00. Ho fekk kome inn, og fekk til og med kaffi! Kor mykje dette «stuntet» hadde å seie veit me vel ikkje, men det sa noko om innsatsviljen og kreativiteten!

I møtet i Stortinget 29.05.70, seint på kvelden, vart det vedteke, med 211 røysters overvekt, at distriktshøgskulen i Telemark skulle lokaliserast til Bø og berre Bø! Stortingspresidenten måtte gje opp å stoppe applausen frå galleria og i salen!

Det var sjølvsagt mange som gjorde ein innsats i denne saka, mellom andre Hallvard Eika, som har fenge sin statue på universitetsområdet, eller campus, som det heiter i dag. Likevel er det nok uomtvisteleg at psykologistudenten frå Vrådal, Sigrid Straand, gjorde ein stor innsats!

(Historia om er sjølvsagt mykje meir komplisert, men referenten gjev seg der!)

Professor emeritus Olav Rovde overtok så for å fortelje om utviklinga av Distriktshøgskulen i Bø fram til Universitetet i Søraust Noreg, campus Bø som det er i dag. Det er også ei lang og spanande historie, men den er lettare tilgjengeleg. Rovde fekk nemleg i oppdrag av daverande administrasjonssjef Erik Årnes å skrive historia om høgskulen i Bø-bygda. Mange eksemplar av boka var lagd fram, og den som ville, kunne forsyne seg!

Det starta med å finne lokale til den nye skulen og husvære til dei tilsette. Ei midlertidig løysing vart Frivoll, eller Folkets hus, arbeidarklassens hus bygd i 30-åra. Den fyrste direktøren, Asmund Brenden, sat med rutepapir og teikna skulebygningane! Han hadde kontroll med det meste, også husvære til dei tilsette. Høgskulen vart spreidd på fleire stader, på det meste opp til fem!

Fyrst i 1985 vart saka om permanent plassering av høgskulen teke opp att. I kommunen var det stor usemje om den meir permanente plasseringa. Senterpartiet stod sterkt og jordvern var sentralt. Stader som var aktuelle var Breisås, Folkestad, Gåraåsen, Napaståbygga i «Baksøle»/»Kragerø», Gullbring i tilknyting til planlagt sambruksanlegg og til og med prestegardsjordet opp for Lia-bygget. (Men i eit folkemøte på Frivoll om saka vart initiativtakarane til alternativet på prestegarden lyst i bann av soknepresten! Han sa beint ut at dei ikkje skulle få koma i vigd jord på Bøhaugen når den tid kom! (ref. komm.))

Da saka kom opp i kommunestyret 11. februar 1988 vart utbygging i Gullbring vedteke med 18 mot 7 røyster. Dermed var ein i gang med det som i dag er Campus Bø! Utviklinga der er på ingen måte slutt!

Høgskulen i Bø vart i 1993 ein del av Høgskulen i Telemark (HiT), men da vart administrasjonen lagd til Porsgrunn og Grenland fekk sin «hemn». Som plaster på såret fekk Bø fleire studieplassar. Gjennom desse åra har det vore mykje fram og attende, men det får den interesserte lese om i Olav Rovde si ypparlege bok!

Den faglege utviklinga har òg vore omfattande og spennande! Om dette må også referenten vise til boka til Olav Rovde. Ved USN, campus Bø, kan ein i dag skaffe seg utdanning innan ei rekke fagområde og på alle nivå. Det vert levert ei rekke forskingsbaserte doktorgradar og Telemarksforsking, som er eit ektefødd barn av HiT, er ein sentral premissleverandør i samfunnsdebatten. Bø-byen i Prestegardsevju er ikkje berre ein «Rånar-by», men ein universitetsby!

                                                                                                          Halvor Langåsdalen (ref.)