og som vanleg; det blir juleavslutning for oss i Midt-Telemark seniorlæring på Bø hotell i år også.
Det skjer måndag 16. desember kl. 12.00. Og OBS! Påmeldingsfrist er 1. desember.
Juleavslutninga følgjer gamle tradisjonar og startar med eit kulturinnslag, som i år er ved Leif Arild Sanden, stand-up-komikar frå Vest-Telemark.
Kl. 13.00 fortset det med hotellets eminente julelunsj-buffé med hyggeleg taffelmusikk, god prat og åresal!
Prisen for det heile er kr 520,- for medlemmer og kr 620,- for andre.
Bruk helst VIPPS 57 48 10 med namn på dei påmelde. (Elles bruk bank-konto 2630.30.26095.)